Kvinnherad sogelag er med og dokumenterar utvandringa frå Kvinnherad til Amerika i samarbeid med Vestland fylkesarkiv.
Vestland fylkesarkiv skal markere utvandrarjubileet i 2025. Kvinnherad sogelag er med på laget, og skal levera bilder frå Kvinnherad til arkivet i samband med dette.
Vi har starta skanning av bilder som Vestland Fylkesarkiv skal nytte i eit prosjekt med tema «utvandring». Bildene skal nyttast av arkivet i samband med utvandrar jubileet i 2025. Dette vil difor truleg bli den første leveransen til arkivet med eit spesifikt tema, og er bilder frå Kvinnheringar som utvandra til Amerika. Bildene er i stor grad stilt til disposisjon av Kari Fedt Haugsbakk som også vil bidra med bildetekstar og historiar knytta til bildene. Vi vil også gjerne ha bidrag frå fleire dersom nokon har slike bilder som kan skannast, og der vi kjenner navna til personane på bildene. Vi må ha tekst til bildene.
Tekst: Frode Sæbø
Her er nokre av bildene, utlånt av Kari Fedt Haugsbakk