Samanhengen mellom tuberkulose på Halsnøy og krossen på Moster

Gudmundshuset på Larsstø og lagnaden i Bømlo

Gudmund Andersson Sjo fødd i Røyso i Sæbøvik i 1863 busette seg i det såkalla Gudmundshuset på Larsstø. Dette huset låg på eigedommen til Sjo-garden, litt nordafor der Jon Sjo budde.

Han var gift med Brita Karianna Anfinnsdotter. Dei fekk 7 born. Sønene Anton Andreas, Gustav, Ola Johan, Georg Bernhard, Peder Alsten, og døtrene Ingeborg Gurina og Petra Alette.

Familien i Gudmundshuset blei tidleg på 1900-talet “ramma av lungesjukdommen tuberkulose, og av borna levde kun eldstedottera Ingeborg Gurine fødd 1893 opp.

Etterkvart som fleire i familien fall frå ottast Gudmund at eldstedottera Ingeborg Gurina  også skulle fara. Ingeborg Gurina vart difor sendt til Bømlo rett og slett for å berge livet hennar, og her vart ho seinare gift med Bernt Karlsen frå Foldrøyhavn. Han skreiv seg seinare Bernt Karlsen Solhaug, og etterslekta nyttar navnet Solhaug.

Ingeborg Gurina og Bernt oppretthaldt kontakten både med faren på Halsnøy og slekta i Røysastovo. Dette førte Bernt til Halsnøy og steinarbeid i steinbrotet i Raunaberget på garden Nygård som ligg like nordafor Larsstø. Her tileigna han seg kunnskap om steinarbeid og det å ta ut granittstein. Denne kunnskapen tok han med seg heim til Bømlo der han og kona Ingeborg Gurina busette seg i Foldrøyhavn. Han dreiv steinarbeid saman med broren Magnus, og dei gjekk under navenet “Havnevesenet”.

Gudmund sat til slutt aleine igjen i Gudmundshuset i stor einsemd, ingen våga å nærma seg huset han budde i av frykt for den forferdelege sjukdommen som hadde ramma.

Også i nabohuset i Bråtet var det ein stor barneflokk på 9. Her var dei heldige, og mista kun eldste dottera Åsa Kristine i tuberkulose epedimien.

To brev frå Gudmund stila til distriktslegen i Skånevik fortel om ulukka som ramma familen. I breva frå 1930 fortel han at han hadde mista både kona og fem vaksne søner i tuberkulose, og at han ville brenna ned huset sitt.

Han var som brørne sine Johannes på Røysaneset, og Ola som budde i Røyso, skyttar og fiskar, og han var medeigar i not saman med dei. På grunn av stor smittefrykt hadde han ikkje fått væra med brødrene sine på fiske dei siste 13 åra.

Gudmund hadde tapt mykje inntekt som følge av situasjonen. Det heile var såleis eit økonomisk spørsmål. Hvis han fekk brent ned huset  så kunne han få bli med brørne sine på fiske igjen, og såleis vera i stand å forsørge seg sjølv.

Svaret frå distriktslegen er ikkje kjent, men i sitt neste brev skriv Gudmund at nedbrenninga av huset fekk venta til neste vår.

Nå skulle han reise til dotter si Ingeborg Gurina som var gift og budde i Bømlo kommune. Dei hadde bedt han om å komma i lang tid. Når han kom attende til Halsnøy ville han ha ein ny samtale med legen.

I 1930 sat Gudmund då igjen med huset og den eldste dottera Ingeborg Gurina og hennar born i Foldrøyhavn.

Ingeborg Gurina døyde i 1936, men ikkje av tuberkulose. Gudmund overlevde kone og sju barn. Seinare samme år døyde også Gudmund sjølv som fattigunderstøtta i ein nabokommune.

Ingeborg Gurina har etterslekt i Bømlo og Etne. Ingen kom attende til Halsnøy. Det såkalla Gudmundshuset på Larsstø vart ikkje brent, men var aldri seinare bebudd av folk. Huset blei ei tid seinare nytta som hønsehus på Sjo-garden og til slutt reve.

Reisinga av krossen på Vetahaugen i Moster.

I 1924 var det 900 år sidan kristenretten vart vedteken av biskop Grimkjell og Olav Haraldson på Moster i 1024.

I samband med jubileet i 1924, vart det teke initiativ til at det skulle reisast ein minnekross på Vetahaugen. Moster Mållag tok initiativet til å få reist denne krossen. Formann var lærar Ulltang. Han tok kontakt med brødrene Magnus og Bernt Karlsen på Foldrøy. Dei hadde jobba med å ta ut granittstein og var van med dette. Ulltang tok dei med rundt på Moster og såg på ein del steinar. Ein av stinane dei såg på var «Ja-steinen» ved Eikeland, men dei fann ikkje stein på Moster som passa til føremålet. Bernt Karlsen hadde jobba i eit steinbrot på Halsnøy, og han meinte at der ville det vera stein som dei kunne laga kross av. Steinen skulle vera av ein viss storleik og det var bestemt korleis den skulle vera. Dei tok kontakt med Fjellberg kommune og spurde om dei kunne få ta ut stein til å laga kross av. Fjellberg kommune gav steinen gratis. Sjølve  staden dei henta steinen var i utmarka til Sjo-garden på staden som vert kalla Nordste Skjeljavik, og det var Lars. T. Sjo som var eigar og gav løyve til å ta ut stein til krossen. Nordste Skjeljavik ligg like nordafor Raunaberget der Bernt Karlsen tidlegare hadde arbeidd i steinbrotet. Den dag i dag er det tydelege spor etter steinuttaket i 1924. Både unytta steinar som er fine å sitja på for turgåarar og utstyr som var nytta er å sjå på staden.

Brørne Karlsen tok ein fering med alt verktøy og sigla inn til Halsnøy, og gjekk ut på ettermiddagen i gong med å ta ut stein. Ut på kvelden same dag var den lengste steinblokka sprengt ut. Måten dei tok ut steinblokkene på var at dei laga hol med minebor og meisla i tett avstand ca. 7–8 cm. Så brukte dei jernkilar til å sprengja ut blokkene med. Her måtte dei vera varsom så ikkje steinen vart øydelagd. Då steinane var klar, fekk dei låna ei pram med hane på hjå Gunvald Ottesen i Sagvåg. Lars Stokka frå Siggjarvår slepte prammen til Mosterhamn.

No sto dei framfor ei vanskeleg oppgåve. Korleis skulle dei få desse tunge steinblok-kene opp på Vetahaugen.

På Moster hadde dei samla mange sterke menn. Dei fekk steinen opp på ei tralle og drog den opp mot gamlakyrkja. Der var dei uheldig og mista steinen av tralla. Då var det ein av medhjelparane som meinte at der kom den til å bli liggjande.

Men med mykje strev fekk dei steinen opp på tralla igjen, og kom fram til der oppstiginga til Vetahaugen byrja. Her frå vart steinane dregen med rå handamakt oppover mot haugen. På dei tyngste plassane brukte dei taljer. Dette var same slags taljer som dei brukte då dei skulle kjølhala båtar. Då steinane var komen opp var det stor jubel mellom dei som hadde vore med. No vart steinane finhoggen før dei vart sett samen og krossen reist.

Sidan den gongen har krossen stått på Vetahaugen som eit minne om då kristendomen kom til Norge.

Men krossen vitnar også om lagnaden til ein famile på Halsnøy som  vart hardt ramma av tuberkulose. Tilfeldighetar eller kan hende Guds vilje førte Bernt og Ingeborg Gurine saman, og resultatet ser me på Vetahaugen når me nå skal feire 1000 års jubileum for kristenretten. Samtidig minnest me ei vanskeleg tid med sjukdom som ramma mange for berre 100 år sidan.

https://youtu.be/SoGdEIYzMCU

Kjelder:

Frode Sæbø

moster2024.no