Sydvest bokfestival

Kveldsseta på Skakkesenteret.
For andre år på rad inviterte Etne Bibliotek til Kveldsseta på Skakkesenteret. Tema for samkoma var presentasjon av årbøker og sogeskrift frå soge- og historielag i region Sydvest, dvs. Sunnhordland, Haugalandet, Hardanger og Ryfylke.

Kveldsseta i biblioteket er eit av fleire arrangement i Sydvest Bokfestival, som føregjekk frå 12. – 15. november. Målet med festivalen er å presentera innhaldet i nye fagbøker, film og anna digital formidling i Sydvestregionen.

Einride Aakre styrte samkoma, og i tur og orden fekk utsendingane frå dei enkelte laga fortelja om innhald og føremål frå sine respektive årbøker. Det er ei imponerande og omfattande spennvidde i det som kjem på prent i årbøkene. Forteljingar om enkeltpersonar og hendingar i kvardagen, på sjø og land, slik levemåten har vore for folket her vest, på godt og vondt.

Leiar i Kvinnherad sogelag , Anny Nygaard Mehl, fortalde om bakgrunnen for årets Kvinnhersminne, og les høgt frå boka.