Sogelaget har årsmøte i Rosendal
Kvinnherad sogelag skal halda årsmøtet sitt på Spisskammerset i Rosendal( Skålagato 3),laurdag 22. april. Etter årsmøtesakene, som vi reknar med går greit unna, vert det servert lunsj. På årsmøtet i år har vi eit rikhaldig program.
Aslaug Eik vil lesa prologen ho skreiv i samband med at Landslaget for lokalhistorie hadde årsmøte i Rosendal i 2013.
Bygdebokforfattar og lokalhistorikar Anders Haugland vil fortelja om Den gamle tingskipnaden i Sunnhordland.
Han hadde foredrag med samme tittel då han vitja Tysnes sogelag i fjor, og fortalde om korleis tinget var organisert og rettargongen vart praktisert , om lensmann og fut, domsmenn og dømde. Anders Haugland har m.a. skrive bygdebok for Skånevik og Ølen.
Knut Skåla tek oss deretter med på ei ferd gjennom soga til Gurine. Ho vart bygd i Rosendal som jakt i 1874-75. Etter lang tid på dei sju hav kom skuta attende til Rosendal for å verta sett i sjødyktig stand. Det har vore lagt ned ein imponerande dugnadsinnsats på skuta etter ho kom heim, og vi ser fram til å vera med ned i Gurinefjøra, og avsluttar møtet med omvisning der.
Møtet er ope for alle, ta gjerne med vener og kjende.