Referat frå årsmøtet

Kvinnherad sogelag hadde årsmøte på Spiskammerset i Rosendal laurdag 22. april.
Medlemar frå heile kommunen, nærare 70 i talet, hadde funne vegen til Rosendal denne dagen.

Leiaren i sogelaget, Anny Nygaard Mehl, loste oss gjennom årsmøtesakene, som gjekk raskt unna.
Årsmelding og rekneskap vart godkjende uten merknader. Medlemspengane vert uendra.
Anny Nygaard Mehl held fram som leiar, med seg i styret har ho Dagfinn Eide, Cort Holtermann, Rita Martens Meyer, Eva Vikane Eide, Audun Eik. Lars Jostein Rørvik kom inn som nytt styremedlem, og Kari Fedt Haugsbakk går ut av styret.
Varafolk er Trond Ramsøy, Kristen Thore Christensen og Jan Olav Sunde.

Laget er i jamn framgang, og tel no 240 medlemar, ein netto auke på 8 siste året.

Aslaug Eik, ei av dei eldste i laget, opna møtet med prologen Namneferd i Kvinnherad. Prologen vart skriven i samband med at Landslaget for lokalhistorie hadde årsmøte i Rosendal i 2013. Prologen ligg på heimesida til sogelaget.
Anders Haugland frå Ølen, bygdebokforfattar og lokalhistorikar, fortalde så om den gamle tingskipnaden i Sunnhordland, og tok oss med 350 år attende i tida:
Ein mørk ettermiddag, onsdag 13. oktober 1647,sigla ein vengebåt sørover gjennom Høylandssundet. Om bord sat det 15 personar. Ti rorkarar, tre tenarar, og så dei to høge herrar, futen Ananias Absalonsen og sorenskrivar Jørgen Klementsen. Det var desse karane som styrte tingseta i Sunnhordland…
Heile det interessante foredraget til Haugland vil verta lagt ut på heimesida.
Matøkt var neste post på programmet, det vart servert nydeleg betasuppe, og drøsen gjekk livleg.

Knut Skåla tok oss så med på ei historisk ferd om båtane som har vore bygde og brukte her. Frå Halsnøybåten, langnausta på Seim, leidarskipet på Skåla, busse – ein fraktebåttype – nemninga finn ein att i stadnamnet Bussevik i Austrepollen, knarren, som ein kjennar frå soga, og finn att i stadnamn som Knarvik på Årsand.
Jekt, jakt og galeas – førde oss fram til Hardangerjakta Gurine, bygd i 1875 i Rosendal av Jøra-Knut’n. Gurine har hatt eit mangslunge liv, med skiftande eigarar, lengste tida i nordlandsfart med frakt av tørrfisk til Bergen. I 2011 vart interesselaget for Galeas Gurine skipa, og Gurine redda heim til Rosendal.
Vi fekk så fylgja Knut Skåla bort langs stranda til varvaplassen i Gurinefjæro. Vi kom framom Skipadalen, der leidangsbåten i Kvinnherad skipsreie i si tid låg.
Ei fyldig orientering om arbeidet med Gurine så langt, og planane vidare, vart ei fin avslutning på ein interessant årsmøtedag i sogelaget.

Ref. Kari Fedt Haugsbakk