Minnesamvær for Margrethe Helland Skaaluren i Rosendal

Minnesamvær for Margrethe Helland Skaaluren i Rosendal.

Her er Skåluren familen samla ved Margrethe Helland Skaaluren si gravferd. Heilt til høgre er handelsmann Johannes Silseth i Toftevåg som også var ein del av familen Skaaluren.

Magrethe Johannesdotter Helland, ( 1852 – 1919) var fødd på Helland på Husnes, var gift med skipsbyggjar Knut T Skaaluren ( 1849 – 1911) i Rosendal.

Ho døydde 12.april 1919, og vart gravlagd ved Kvinnherad kyrkje 3. mai .

På biletet er barn, barnebarn, svigerbarn, slekt og vener.

Bilde : Kari Fedt Haugsbakk.