På fiske  med Røyserane og Kvitavodlarane

På fiske med Røyserane og Kvitavodlarane

Røysarane har fått navnet sitt etter som dei budde budde i Røyso, og navnet blei også brukt om etterslekta deira så lenge dei dreiv fiske fram mot slutten av 60-talet.

Røysarane var tidleg ute med ekkolodd og snurpenot, og var rekna for å vera dugande fiskarar.

Det var bommullsnot som rådde grunnen på denne tida. Nota var plassert midtskips framafor styrehuset som var vanleg på skøytene påden tida. Til vanleg var den dekka med presenning for det var ikkje bra med hverken regn eller mykje sol på bommullen. År om anna måtte nota barkast, det vil sei setjast inn med impregnering. Viss eg huskar rett, måtte ein til Bekkjarvik for å få gjort dette.

Ekkoloddet var av merket Kelvin Hughes med papir og pennar som skreiv. Papiret var veldig dyrt, og når papir rullen var oppbrukt la ein det i vatn og vaska det, tørka det, og rulla det sirleg tilbake for gjenbruk.

Kaffifløyten var på slike Viking boksar som ein slo to små hol i lokket på. Då kunne ein både få passe mengde fløyte i kaffien, og dei små hola gjorde at dei flaut når dei vart kasta på sjøen.. For dei tomme boksane vart også brukt som markeringsboksar. Når basen hadde funne brisling på ekkoloddet heiv han ein boks på sjøen der brislingen var. Då vart det lettare for han i styrehuset å setje nota rett.

Sidan ikkje alle hadde ekkolodd var det vanleg at basane som ikkje hadde slikt lodd følgde med på loddebåten til Røysarane. For å få arbeidsfred kasta ein av og til boksar ut på feil  plass uten å ha funne noko,  og fekk dei andre til å kasta bom.  Då kunne dei i ro og mak kaste sjølv der brislingen stod. Røysarane hadde ord på seg for å vera både dyktige og lure, og var i si tid blant dei som fiska best.

Arbeidsfordelinga var fast under kast. Det var pappa, Anders Sæbø som var bas, og Sørens Andersen var i styrehuset (skipper). Når nota vart tatt inn la Andersen flåno, Tor’en og  ein til la bussen, og pappa la grunnen. Ikkje ein brisling slapp forbi Tor’en, men vart plukka vekk så den ikkje rotna og ødela nota. Det var jo ikkje kraftblokk den gongen. Nota vart kava ombord med mekanisk rull. Ein hadde to skøyter, og det var Olaen i Hagen eller Sørens Olaen som han også vert kalla som førde følgjaren.I helga når dei var heima måtte nota tørkast i galgen i Sjoøyo..

Eg var ikkje så gamle karen første sommaren eg fekk vera med på brislingfiske.

Dei fleste minnene knytter seg meir til livet ombord enn til sjølve fisket. Joda, eg husker fisket og, men det som set sterkast i minnet, er desse snille gode karane, praten, historiane, måltida..  Ikkje det at det var så flotte måltid, men nypoter og kokebrisling.. du verden, ein kunne ikkje få det bedre. Me fiska ofte i Matre og Åkrafjorden, og eg mistenkjer den dag i dag at det hadde samanheng med Skånevik. Det var høgtid når karane for til slaktaren i Skånevik for å kjøpa syltelabbar. Derfrå gjekk turen til bakaren.  På vegen videre inn fjorden vart det festmåltid på dekk. Syltelabbar og poteter, servert på ein avreven papirflik av ein mjølsekk frå bakaren. Då slapp me å vaska opp. Og etterpå var det tebrød. Eg trur alle skikkelige brislingfiskarar elskar tebrød.

Kveldsmaten var helst lyst brød med sirup eller sukker, og så notakaffi, kokt fleire gonger på samme gruten, men vetle meg fekk gul kjøpe saft. Huska de dei små flaskene med gult saft konsentrat. Var det Simpsons saft dei heite ?Ekslusive greier for meg som var vane med heimalaga ripssaft.

Eg delte køy med pappa for der var det plass. Når me hadde lagt oss, gjekk praten i lugaren, historiane hang laust, og eg fekk kvar kveld servert dei mest spennande jakt og fiskehistoriane det gjekk an å tenkja seg.

Hans’en på Nygård var med ombord, og han hadde fått ansvar for å passa litt på meg. Eg fekk styra skøyto, men rakk ikkje opp til å sjå ut. Då henta Hansen «Sirio» dobøtto vår, snudde den opp ned så eg kunne stå på den og sjå ut.. Så var det bare å styra den veg karane som sat frampå baugen peika. Dei peika ikkje alltid same vegen, då tok eg for sikkerhets skuld alltid den vegen pappa peikte.

Hans’en på Nygård forklara meg at det var viktig eg sov like mykje på begge sider. Derfor fekk han meg til å tru han hadde ein stor krok som han kom og snudde meg med i køya kvar natt. Eg låg våken kvar natt og venta på han, men klarte aldri å få med meg snuinga.. Men trudde på det , det gjorde eg..

Værmeldinga og fiskerimeldinga på radioen var viktig. Sørens Toren hadde ansvaret for radio lyttinga. Han skrudde  og skrudde, fann fiskerikanalen, og me kunne høyra når dei andre båtane over radioen melde inn fangsten til oppsynsbåten. Også kikkerten var hans ansvar. Kikkerten var heilag, den måtte eg ikkje tukla med. Me hadde altså eigen mann til å ta seg av kikringa,  det var ikkje så nøye om han i styrehuset såg noko.

Eit lite stykke inn i Åkrafjorden var det ei fyrlykt. Sus fyrlykt. Eg hadde aldri sett ei fyrlykt før, eg vart så fasinert av denne lykta at dei gav meg navnet Susen. Sigve Fjelberg brukte det navnet på meg heile livet sidan. Kos e da med Susen bruka han å sei når eg traff han.

Tekst: Frode Sæbø

Voldi og Kvitavodlerane på størjefiske.

Når ein snakkar om fiske på Halsnøy så handlar det mest om brisling, sild og til ei viss grad om islandsfiske. Men det var også anna fiske, om enn mindre kjent.

På Hvidevold dreiv dei aktivt med notlag og brislingfiske, særleg i tida før krigen. Kvitavodlarane som dei vart kalla var driftige, og under krigen fekk Abraham Hvidevold bygd ny båt av Georg Eide i Høylandsbygd. Namnet var «VOLDI», den var 56 fot lang, 17 fot breid og 8 fot djup. Voldi stod i merkeregisteret med H 36 FB.

Om sommaren då  båten var ny (1943/44) låg den blank og skinande fin i Toftevågen, klargjort for størjefiske i Nordsjøen. Men noko kom i vegen heime så Abraham kunne ikkje reisa ut på feltet med båten. Han henvende seg då til sonen Hugne, og sa kort og godt att «ditta får du ta». Du skal væra skipper på størjefiske i sommar. Hugne som då var 16 år tok oppgava på strak arm, og i Nordsjøen bar det.

«Voldi» fiska godt og dei gjorde eit kjempekast på første turen. Med store verdiar ombord sette dei innover mot Bergen der lasta skulle selgjast. Det var fleire båtar på veg inn med størje ombord, og det var om å gjere å komma først for då ville ein få best pris. «Voldi» med ny 50 HK Union motor tok leiinga innover, dei andre kom like bak. Unionen arbeidde på høgtrykk og ute ved Sotra landet stoppa motoren, den var gått varm etter hardkjøret. Dei andre nådde dei igjen og  vinka når dei passerte dei. Hugne sprang i maskinen, fekk den i gang, og dei tok etter ei stund på nytt leiinga innover og fekk fortøyd først. Hugne huska til sin siste dag lyden av trekloggene til han som hoppa i land og sprang bortover kaien for å melde inn fangsten. Trekloggene slo mot brosteinen som børseskot og Voldi var først i køen for å levera til svært god pris. Denne sommaren hadde Hugne Hvidevold ein lott på 14000 kr. på størjefiske, noko som var alvorleg mykje pengar på den tida.

«Voldi» vart seldt til brødrene Einar, Petter og Andreas P. Færøy frå Solund  i 1946. «Voldi» var på drevet frå 1947, men var og nokre vintrar i Lofoten på torskefiske som fylgjar med «Nordsolund». «Voldi» vart seinare forlengd og nytta i fraktfart. 

Tekst: Frode Sæbø