Kvinnhersminne – årbok XVII
Kvinnhersminne – årbok XVII er no klar frå trykkeriet. Det er blitt ei flott bok, som vi gler oss til å syna.
Torsdag 22. oktober kl 18.00 vil den bli presentert ved ei tilskiping i det gamle skulehuset i Uskedalen. Denne utgåva av årboka handlar i hovudsak om kvinnheringar som gjorde si første reis i utanriksfart. Dessutan har sjømannspresten, husmora ved sjømannskyrkja og «sjømannsenkja» gjeve sine bidrag til boka. I tillegg til desse historiane kan ein lesa om den gamle handelsstaden Dimmelsvik, og om «Fabrikkane på Dimmelsvik». Boka inneheld og eit rikt biletmateriale som illusterer dei ulike artiklane. Alle bidragsytarane vil bli inviterte til tilskipinga. Sogelagsmedlemer og andre interesserte er også hjarteleg velkomne. På tilskipinga vil ein orientera nærare om innhaldet i boka og om det praktiske arbeidet som førde fram til sluttresultatet.
Det blir og ei kaffiøkt der ein kan få høve til snakka nærare med dei artikkelforfattarane som er til stades. Boka kjem i salg i bokhandlane på Husnes og i Rosendal frå same dato.
Kvinnherad Sogelag
Skriftstyret