Kvinnherad Sogelag – årsmøtereferat 2024
Årsmøtet i Kvinnherad Sogelag 20. april 2024, vart halde på Bergslagen, i lokala til Sunde Kyst- og Litteratursenter.
Årmøtet vart opna av leiar Audun Eik, som ynskte velkommen til dei 26 frammøtte.At det ikkje var fleire som møtte, får truleg truleg det fine vårveret ta skulda for.
Lars Jostein Røyrvik vart vald til ordstyrar, og Kari Fedt Haugsbakk referent.
Årsmøtepapira, med årsmelding og rekneskap, var sendt i posten til alle medlemane. Av årsmeldinga kjem det fram det at laget no har 243 medlemar.
Møteinnkallinga vart godkjent, med 1 merknad: Årsmøtet har ikkje vore annonsert i lokalavisene.
Referat frå Fotogruppa vart presentert, med utfyllande informasjon om status. Det har vore tett samarbeid med fylkesarkivet i Leikanger. Dei har høge kvalitetskrav, og gjev no positive tilbakemeldinga på «prøveleveransen» dei har fått frå fotogruppa. I staden for å måtta senda biletsamlingar til Leikanger for digitalisering, får vi no gjort arbeidet lokalt. Lars Kallevik og Frode Sæbø har vore sentrale i dette arbeidet.
Det er kjøpt inn 2 scannarar og div anna utstyr, slik at ein har 2 arbeidsstasjonar, ein i Uskedalen og ein på Sunde. Prosjektet er fullfinnansiert med gåver frå Sparebankstiftinga.
Heimesida er no oppdatert. Årbøker som er utselde kan lastast ned og lesast på heimesida. Det er også oppretta ei facebook side i tilknytning til heimesida.
Rekneskapen vart gjennomgått med litt tilleggsinformasjon vedr. postane div. inntekter og div. utgifter : Kr 60.ooo på desse postane var tilskot frå Landslaget for sogelag, tilskot som Kvinnherad sogelag har ytt til Merete Offerdal Tveit sin lokalhistoriske filmproduksjon. Rekneskapen vart godkjent utan ytterlegare merknader.
Det vart og informert om at den anonymne gåva på kr 67.000 i 2022 rekneskapen, var ei gåve til sogelaget frå justisminister Emilie Enger Mehl. ( ein del av premiepotten frå då ho vann Kompani Lauritsen)
Val
Nye styremedlemer, valde for 2 år :
Oddvar Solheim frå Halsnøy, Eva Røyrane frå Ølve, og Karin Gram Nygård frå Halsnøy. I tillegg rykte Cort Holtermann opp frå varamannsplass til styremedlem.
Dei vart valde ved akklamasjon.
I styret set frå før Lars Jostein Røyrvik, Egil Vaage, Frode Olav Sæbø.
Leiar. Valnemnda hadde ikkje lukkast med å finna ny leiar.
Årsmøtet gav det nye styret fullmakt til å konstituera seg og velja ny leiar blant styremedlemane.
Varamedlemer, valde for 1 år : Astrid Haugse (attval), Audun Eik (ny), Malena Aasen ( ny), Sigmund Spjelkavik ( ny).
Revisor : Kjell Ottar Bauge hadde takka ja til attval. Det vart fremja forslag om at det bør vera 2 revisorar, Terje Fonneland vart vald i tillegg.
Valnemnd : Sverre Vevelstad set 1 år til. Det lukkast ikkje årsmøtet å velja nytt medlem til valnemnda, styret fekk fullmakt frå årsmøtet til å velja nytt medlem.
Medlemskontingenten vert uendra, kr 300 for ektefeller/sambuarar, kr 200 for einslege. Underskrift årsmøteprotokoll : Anny Nygaard Mehl og Kristlaug Bjørke.
Etter matøkta fortalde Egil Vage fortalde litt om hardingfela sin historie, og underheldt oss med 2 feiande bruremarsjar.
Lars Jostein Røyrvik vert skriftstyrar for for neste årbok. Audun Eik takka for seg etter mange år som leiar i sogelaget.
Leiar i Sunde Kyst- og Litteraturenter, Kjell Magne Stråbø, fortalde om Bergslagen sin historie, frå salte- og bøkkerbu, sildoljeindustri, båtbyggeri til dagens kyst- og litteratursenter.
Den mest dramatiske hendinga var storbrannen i 1925, då sildolje som var lagra i tretønner tok fyr, heile vågen stod i brann i ei veke.
Båtbyggjarverksemda til familen Tveit varte frå 1946 til 2008.
Stråbø gav stor honnør til Kristian Bringedal som fekk kommunen til å kjøpa Bergslagen i 2010. Etter mange dugnadstimar og mange millionar, har ein fått ei flott storstove med rom for mange aktivitetar.
Etter møtet var det høve til omvising på Bergslagen.
Kari Fedt Haugsbakk, referent
Foto: Thor Inge Døssland