Hordaland sogelag inviterar til kurs
Det vert arrangert kurs i Bergen 24. sept., hovudtema er Heimeside. Kurshaldar er Åslaug Snilstveit, Salikat design. Ho tar m.a. for seg oppretting av heimeside, oppbygging og struktur, layout. Ho kjem og innom fotobehandling, reglar og retttigheter ved billedbruk.
Etter lunsj vil Overingeniør Svein Nordland snakka om Sky-tenester og Google produkt.
KURS HEIMESIDE
Kurs 24. sept. 2015, møtesal Sunnhordland , Hordaland fylke,
Agnes Mowinkelsgt. 5, Bergen.
Kursavgift kr 300,- pr. pers. Lunsj kr 120,- pr. person: samla kr 420,-
Påmelding til: Kari Fedt Haugsbakk, karifh@knett.no
eller SMS til 46 96 57 77.
Betaling til Hordaland sogelag konto nr: 3632.57.22899 når plassen er stadfest. Max 30 deltakarar.
Kursstart kl 10:00.
Kurshaldar Åslaug Snilstveit , Salikat Design.
Del 1
– Kva er ei heimeside, kva skal ein leggja vekt på ved oppretting og kva ynskjer laget
å oppnå med ei heimeside ?
Med utgangspunkt i ei eksisterande heimeside vil Åslaug ta for seg sentrale element:
– Oppretting av heimeside, oppbygging og struktur
– Innhald – kva informasjon ein vil ha med
– Utforming og layout
Presentasjon av heimesida til eit lokallag ( 10 – 15 min)
Del 2
– Praktisk bruk av heimesida :
Innlegg og endringar, oppdateringar, linkar.
– Bildebruk :
Fotobehandling og kvalitet, innlegging av bilder, bildesamlingar.
Reglar og rettigheter ved bruk av bilder. Fotograf, eigar, bildetekstar .
– Kostnader ved oppretting og vedlikehald av heimeside.
Kl 12.30 – 13.30 : Lunsj
DELT LAGRING
kl 13.30 – 14.30 : Overingeniør Svein Norland, Universitetet i Bergen.
I denne bolken er hovudtemaet sky-tenester. Det fins mange ulike tilbod på slike tenester – også norskbaserte med tilbod om delt lagring.
For sogelag har dette interesse i styrearbeid og det kan vera aktuelt å bruka t.d. Google produkta Drop-box eller Google Drive. Då kan dokument og styresaker ha eit felles rom der medlemer i styret har tilgang.
Etablering og bruk av dette verktøy vert eit sentralt tema.
Spørsmål/diskusjon og oppsummering.
Kl 15.00 – Slutt.