Nyttige lenkjer
Rosendal Bokhandel tlf 53477044
Kvinnherad Bok og Papirhandel AS tlf 53471626
Nyhende
BOKSLEPP KVINNHERSMINNE 22 i Helgheim, Uskedalen 6/11-25 kl.18:0020. oktober 2025 - 19:33
Kvinnhersminne årbok nr. 22 – 20258. oktober 2025 - 13:56
Styre 202521. september 2025 - 21:00

Onarheimsgildet – 2015
Det blir stor markering av Onarheimsgildet på Tysnes helga 1. og 2. august. Fullstendig program finn ein på heimesida til Hordaland sogelag.
Årsmøteprotokoll 2015
Årsmøtet vart halde i SKL sitt kurssenter i Matre, laurdag 25.april 2015. Deltakarar : Frå styret møtte : Anny Nygaard Mehl, Dagfinn Eide, Rita Martens Meyer, Audun Eik, Kari Fedt Haugsbakk. Det var 62 frammøtte, av dei 45 medlemar. Til å skriva under årsmøteprotokollen vart valde Anfinn Otterå og Ragnar Nøttveit. Årsmøtet vart opna av […]
Årsmøtereferat 2015
Kvinnherad sogelag hadde årsmøte i Matre laurdag 25.april. Mykje folk hadde funne vegen til Matre, ausande regnvær såg ikkje ut til å skremma nokon. Møtet vart halde i SKL sitt flotte kurssenter i Matre, og der vi vart svært god mottekne av informasjonssjef i SKL, Jan Petter Myhre. Årsmøtesakene gjekk som vanleg greit unna uten […]
Bli med til Hebridene 2. – 10. august 2015
Hordaland Sogelag arrangerer spanande studietur til Hebridene. Påmelding snarast og seinast 2. mars 2015
Årbokseminaret på Sunnhordland museum
Frå Kvinnherad sogelag deltok fem representantar på seminaret. Det var svært nyttig å koma saman og få nye innspel, og høyra korleis andre lag arbeider med årbokutgjeving. Sjå fyldig omtale på heimesida til Hordaland sogelag.
Årsmøtet 2015
Gode sogelagsfolk Velkomne til årsmøte i Kvinnherad sogelag på SKL sitt kurssenter i Matre, laurdag 25. april kl 13.00. Sakliste: 1 Godkjenning av innkalling 2 Årsmelding 3 Rekneskap 4 Val 5 Fastsetjing av årspengar for neste år 6 Andre saker Andre saker må liggja føre hos styret seinast 14 dagar før årsmøtet. Etter årsmøtesakene er […]
Krigshistorisk gruppe.
Ei gruppe i Kvinnherad Sogelag hentar fram ny kunnskap om krigshendingane i Kvinnherad i aprildagane 1940. Med i gruppa er mellom anna Lars Børge Sæberg, Trond Ramsøy og Rolf Ask. På eit møte på Valen i februar i år vart det lagt fram rapportar og utdrag frå dagbøker som dokumenterer hendingane på ein ny og […]
Årbokseminar 21. mars
Hordaland sogelag i samarbeid med Sunnhordland Museum skipar til seminar om årbøker, på Sunnhordland museum laurdag 21. mars 2015, kl. 09.00 – ca. 15.30. Tema er: Årbøker frå sogelaga – seminar om produksjon, distribusjon og samarbeid. Sjå fullstendig informasjon på heimesida til Hordaland Sogelag