Nyttige lenkjer
Rosendal Bokhandel tlf 53477044
Kvinnherad Bok og Papirhandel AS tlf 53471626
Nyhende
BOKSLEPP KVINNHERSMINNE 22 i Helgheim, Uskedalen 6/11-25 kl.18:0020. oktober 2025 - 19:33
Kvinnhersminne årbok nr. 22 – 20258. oktober 2025 - 13:56
Styre 202521. september 2025 - 21:00

Klesvask i gamle dagar
Korleis føregjekk klesvasken før i tida,og kvar? Kvinnherad sogelag og Omvikdalen Bygdekvinnelag har i 2015 hatt eit samarbeidsprosjekt med å registrera gamle vaskeplasser i Omvikdalen. Vi tok på oss oppdraget med å leita fram dei gamle vaskeplassene. Utgangspunkt for dette prosjektet var kvinnearbeid før i tida. Korleis var det før vi fekk inn- og utgåande […]
Sydvest bokfestival
Kveldsseta på Skakkesenteret. For andre år på rad inviterte Etne Bibliotek til Kveldsseta på Skakkesenteret. Tema for samkoma var presentasjon av årbøker og sogeskrift frå soge- og historielag i region Sydvest, dvs. Sunnhordland, Haugalandet, Hardanger og Ryfylke.
Bokslepp i Uskedalen
Kvinnherad sogelag hadde presentasjon av årbok nr XVII – “Førstereis», i Uskedalen torsdag 22.10. Det var eit svært triveleg kveldsstund, med omlag 40 frammøtte. Leiaren i laget, Anny Nygaard Mehl, leia samkoma. Ho fortalde litt om bakgrunnen for at ein hadde valt førstereis som hovudemne – å ta vare på minne frå sjømannslivet – ein […]
Kvinnhersminne – årbok XVII
Kvinnhersminne – årbok XVII er no klar frå trykkeriet. Det er blitt ei flott bok, som vi gler oss til å syna. Torsdag 22. oktober kl 18.00 vil den bli presentert ved ei tilskiping i det gamle skulehuset i Uskedalen. Denne utgåva av årboka handlar i hovudsak om kvinnheringar som gjorde si første reis i […]
Kulturminnedagen 2015
Markering av kulturminnedag i Omvikdalen. Kulturminnedagane vert markert i september kvart år og er den største felles feiringa av kulturarv i Europa. I år er tema for dagane : Nabolag – menneske, kulturminne og historie. Norges kulturvernforbund skriv i si oppmoding til kommunane at det er ønskjeleg at arrangementa fokuserar på eige nabolag ,med historie, […]
Krigshistorisk gruppe
Krigshistorisk gruppe er ei undergruppe i Kvinnherad sogelag. Trond Ramsøy er ein sentral person der. Han har har gjort ein stor jobb med å granska og finna fram til kunnskap om krigshendingane i aprildagane 1940 i Kvinnherad. Denne veka var Svein Bugge, son til ein av dei sentale offiserane frå Uskedalen i 1940, på vitjing. […]
Hordaland sogelag inviterar til kurs
Det vert arrangert kurs i Bergen 24. sept., hovudtema er Heimeside. Kurshaldar er Åslaug Snilstveit, Salikat design. Ho tar m.a. for seg oppretting av heimeside, oppbygging og struktur, layout. Ho kjem og innom fotobehandling, reglar og retttigheter ved billedbruk. Etter lunsj vil Overingeniør Svein Nordland snakka om Sky-tenester og Google produkt.
Hordaland sogelag på tur til Ytre Hebridane
Tekst: Mikal Heldal Foto: Kari Fedt Haugsbakk Hordaland sogelag sin studietur gjekk dette året til Ytre Hebridane – langt vest mot havet der neste landfaste stopp gjerne kan vera Canada. 40 hordalendingar fekk ein tur rik på inntrykk frå gamalt norsk skattland. Ikkje mindre enn 13 soge/historielag tok del i ein triveleg tur – der […]