Krigshistorisk gruppe er ei undergruppe av Kvinnherad sogelag. Trond Ramsøy og Lars Børge Sæberg er svært sentrale i gruppa, og saman med Kristian Bringedal hadde dei lagt til rette programmet : «I løytnant Sven Bugge sine fotspor frå april til 10. mai 1940.» . På uskedalen.no, kan ein m.a. lesa : Sven Bugge var utdanna […]

Kvinnherad sogelag skal ha årsmøtet sitt i Holmedal bedehus på Utåker laurdag 23. april kl 13.00. Årsmøtepapira er sendt ut til alle medlemane. Etter årsmøtesakene, som vi reknar med går greitt unna, vert det servert lunsj. På årsmøtet i år har vi fått med oss Tor Bringedal. «Galleriglyttar og andre kjelder til lokalhistorie» er tittelen […]

Egil Hovda har skrive ein artikkel om kolamilene på Landa, og skogen som økonomisk ressurs. I artikkelen under kan ein lesa om korleis denne eigedomsretten og kunne nyttast som ein politisk ressurs: Myrmennene på Landa. Etter at Eidsvollforsamlinga i 1814 hadde gitt Noreg ei eiga grunnlov, var det mykje formelle lover/rammer og rutinar som skulle […]

Hordaland sogelag hadde årsmøte i Norheimsund helga 5. – 6. mars. Det møtte tre utsendingar frå Kvinnherad sogelag, Audun Eik, Dagfinn Eide og Rita Martens Meyer. Kari Fedt Haugsbakk frå Kvinnherad møtte som styrerepresentant i Hordaland sogelag. I samband med årsmøta i Hordaland sogelag vert det arrangert lokalhistoriske dagar, der det lokale vertskapet står for […]

Årsmøtet i Kvinnherad sogelag vert laurdag 23. april kl 13.00 i bedehuset på Utåker. Årsmøteprogram vert lagt ut seinare, men set av dagen alt no !

Marie Eik Nygård tok fram handkjerra og stampane med klesvask og tok ein liten vaskedemonstrasjon for oss. Ho sytte ikkje med å skjylja klær i den iskalde elva, det var så kaldt at klesvasken var åt å frysa fast på elvasteinane. Tusen takk til Marie ! Amatørfotograf med naglabit : Kari Fedt Haugsbakk

Hordaland sogelag reiser til York, der vikingbyen Jorvik låg, til Lindisfarne, Whitby, m.m. Fullstendig program vert lagt ut på heimesida til Hordaland sogelag, www.hordalandsogelag.no, ein av dei næraste dagane. Der finn ein og informasjon vedr. påmelding. Turane til Hordaland sogelag, – «i vesterveg i vikingane sine fotefar» – er svært populære, så her er det […]