Fotogruppa 2024

Fotogruppa på omvisning i Bergslagen. F.V Aud Karin Løvfall, Bjarte Naterstad, Kari Fedt Haugsbakk og Lars Kallevik

Fotogruppa er eit samarbeidsprosjekt mellom Kvinnherad sogelag og Vestland Fylkesarkiv i Leikanger. Vi hadde vårt første møte på rådhuset i Rosendal 23. januar 1923. Der blei vi enige om å inngå eit samarbeid med innsamling, digitalisering, arkivering og publisering av gamle bilder frå Kvinnherad.

Målet er at bilda etterkvart skal bli søkbare på internet via fylkesarkivet sine sider.

Første året av samarbeidet har for det meste godt med til innkjøp av utstyr, utarbeide programvare, arbeidsmalar og avtaledokument for bilderettigheter.

Prosjektet er fullfinansiert med stønad frå Sparebankstiftinga. Det er kjøpt inn og etablert to sett med skannerar, pc’ar og nødvendig utstyr i høve til fylkesarkivet sine spesifikasjonar. Desse komplette setta med utstyr er lokalisert i eigne skap, eit på Stemneplassen i Uskedalen, og eit i Bergslagen på Sunde.

Fotogruppa er åpen for alle som ynskjer å ta del i arbeidet med gamle bilder i regi av sogelaget.

Det har tatt noko tid med innkjøp fordi Fylkesarkivet no er midt oppe i ei modernisering og oppgradering av sine system. Først no har dei fått sitt utstyr på plass. På vår side har vi også hatt utfordringar med innkjøp av utstyr som er tilpassa fylket.

Det gledelege er at nå er alt på plass, og vi er i gang med skanning, og har gjort vår første prøveopplasting av bilder til arkivet. Sjølve publiseringa er det fylkesarkivet som vil ta hand om.

I februar hadde vi eit samarbeidsmøte med Fylkesarkivet via Teams. Her fekk vi oppklaring i mykje av det vi lurte på, og vi fekk bli meire kjente med arkivar og fotograf i fylket.

Begge sider opplever vår måte å arbeide på som eit pilotprosjekt for framtidige måtar å arbeide på. Det nye er at skanninga foregår lokalt, og at bilde informasjon blir lagt inn med det samme. Derfor har det vore mykje arbeid knytt til nett dette med bilde informasjon.  Dette har ikkje vore prøvd før.

I desse dagar pågår det testing med begge skannersetta opp mot fylket for å sikre at dei begge er rett og likt sett opp med dei spesifikasjonane som arkivet krev for deira arbeid.

Nå byrjar den store jobben med å skanne bilder frå Kvinnherad, gjerne bilder frå daglegliv og arbeidsliv. Fylkesarkivet vil også ha ei satsing med bilder frå utvandringa til Amerika, og ynskjer difor slike bilder særleg velkomne.

Det kan også bli aktuelt å publisere bilder lokalt. Vi vil kan hende prøve å skape nytt liv i nettsida til sogelaget, og håper å dele ein del av bilda der, på facebook eller på anna eigna plattform. Men dette er  foreløpig berre tankar og idear.

Følgjande er no med i fotogruppa:

Frode Sæbø, Lars Kallevik, Kari Fedt Haugsbakk, Reidar Handeland, Aud Karin Løvfall, Herbjørg Orholm og Bjarte Naterstad.

Uskedalen 09.04.2024

For fotogruppa

Frode Sæbø