Bokslepp i Uskedalen
Kvinnherad sogelag hadde presentasjon av årbok nr XVII – “Førstereis», i Uskedalen torsdag 22.10.
Det var eit svært triveleg kveldsstund, med omlag 40 frammøtte.
Leiaren i laget, Anny Nygaard Mehl, leia samkoma. Ho fortalde litt om bakgrunnen for at ein hadde valt førstereis som hovudemne – å ta vare på minne frå sjømannslivet – ein epoke i norsk skipsfart som no definitivt er over.
Skriftstyraren, Lars Jostein Rørvik, fortalde om sitt arbeid med å redigera det store stofftilfanget –“dei hadde så mykje dei ville fortelja oss.» . Visa om Vesle Daniel vart framførd av Lars Jostein med song og gitarspel, mange kjende seg nok att i den…
Det er sytten artikkelforfattarar i denne årboka, sju av desse var til stades denne kvelden, og vart takka for sine bidrag. Johannes Tveitnes sa seg glad for at sogelaget hadde sett fokus på sjøfolka og deira opplevingar på sjøen, livs- og arbeidsvilkår som er ukjendt for mange i den oppveksande slekt.
I årboka er der og med ein artikkel om den tidlegare tønnefabrikken i Dimmelsvik. Eli Roseth budde der frå ho var tre til ho var ni år, og fortalde om gode og spennande barndomsminner frå den tida.
Sjømannssonen Kristian Bringedal slutta av kvelden. Han gav ei levande skildring av korleis han fyrst i vaksen alder fekk gløtt inn i livet faren hadde hatt som sjømann, opplevingar og bragder som var ukjende for dei heime.