Bli med til Hebridene 2. – 10. august 2015
Hordaland Sogelag arrangerer spanande studietur til Hebridene.
Hebridane vest om Skottland er eit gamalt ”Viking område” som ikkje vert vitja så ofte frå Noreg. Hebridane tilhøyrer Storbritannia og omfattar ca. 500 øyer (ca. 100 bebudde). Arealet er 7283 km² og innbyggjartalet er rundt 30 000. Hebridene er inndelt i to grupper, de indre og de ytre Hebridene som er skilt av stredet The Minch. Øyene er trelause og egner seg godt for saueavl, som er øyenes viktigaste næringsvei. Befolkninga på Hebridene snakkar i all hovudsak skotsk gælisk, et keltisk språk.
I vikingtida ble ein del av øyene, særlig dei nordligaste og vestligaste, gjenstand for norrøn busetnad. Det norrøne navnet på øygruppa var Suðreyjar (‘Sørøyene’, i motsetning til Norðreyjar, «Nordøyene» som var Orknøyene og Shetland). I 1098 blei øyane underlagt den norske kongen, ved ein traktat mellom kong Magnus Berrføtt og den skotske kong Edgar av Skottland. Den norske kontrollen over øyene var aldri stor. Dei blei styrt av eigne konger, som sto i et vasallforhold til den norske kongen, men i lange perioder var dei norske kongane ute av stand til å utøve reelt herredømme over øyene som følgje av borgerkrigar i Norge. Under kong Håkon Håkonsson på 1200-tallet blei kontakten tettare. I 1262 ble øyene invadert av skotske styrker. Håkon Håkonssons felttog i 1263 lyktas ikkje i å forsvare det norske herredømmet over øyene. Ved fredsslutninga i 1266 ble øyene seld av kong Magnus Lagabøte til den skotske kongen.
Vær med og besøk desse gamle norske øyane. Klikk her for fullt program samt påmelding på Hordaland Sogelag sine sider. Informasjonen på Hordaland sogelag sine heimesider finn ein der under artikkelarkiv , januar 2015.