Besten på fisketur
Ei soga av Eva Eide på Ølvesmål
Besten va so tela på sjødn ein dag, han va so hikjen på fisk.
Da såg ut til å bli nedberdsla, so han tok våsakle med seg.
Ferinjen låg på bukka neri våro, men hadde tokka seg litt te eina sio.
Besten fant ein stronje te vågamat og fekk han på rett kjøl. Han smorde
litt gris på ludnane so båten glei fint utøve floamålet. Snøre og
kleppen låg i ronjo. Busseron va dei dagars redningsvest.
Besten rodde mot kvitingame og andøvde litt før han fann plassen. Da
va et lite vindgrel på vikjo so han måtte hamla litt stondo.
Svenskepilkjen vart hekta tå sulo, og me gommimakka på drog besten snøre
opp og ne øve vabeine so va festa på ripo. Han såg at ei fjøl va losna
på bakplitten. Eg får fidna meg et handøvle og vøla da når eg kjem i
land tenkte besten.
Adsjele kor lenje han vart totte besto, hu sto attom nåvo å handsjygde å
venta på middagen. Men eg forstår ikkje ka eg fer her i håvørslo itte,
da e no kje nåke ti forleo endå, og han kjem ikkje før so korso. Ein
hallstyving frå nabogaren va litt forten for han ikkje fekk vera me. Då
sku me fått fisk då. Nei høyr luso hosta i lovotten sa besto, hadde
blitt bere nasafisje da.
Men hu vart øvegøven å måtte bisnast når besten lende i støo me fleire
tøkje me fisk. Ein va so stor at han måtte fidna bismarkjen.
Jysses ditta blir fysemat sa besto. Me litt suvl attåt har me mat i
longe tie. Ein kald fiskaspor på stompakako te nons e kje å forakta da
held. Men katten, den homleponjen, hadde fått da travelt bort me et
bidne so sto so tetøkjele te at han kunne snikja seg ein spor. Pass deg
du sa besten, held so blir da sjond på deg før ana. Han treiv tvoro frå
mjelkehydlo og sende itt’an, og me ei fela idlaleta tok katten hyven
innonde låvegolvet.
No MÅ du få fram muskedondro å ta ei reverensa og bli kvitt nåke tå ditta kattakrapylet sa besto.
Men itte eit godt fiskamål la besten seg me kvetelen øve seg, snart sov
han so divanen skok heilt ut i fetlingane. Besto fant storekluten fram
frå tølene sine, sette seg i jyngestolen med pampussane på og snart drog
hu og. Egentle sku hu ha stoppa lovottane te besten.
Katten hadde kråna te og låg attme støvlaknikten og hadde et fela aventas me å sleikja kongelvåg or potene.