Audun Eik sluttar som formann i Kvinnherad Sogelag
Audun sluttar som formann i Kvinnherad sogelag. Laget hadde konstituerande styremøte på Stemneplassen i Uskedalen 22.05.2024. Både avgåande formann Audun Eik og avgåande styrerepresentantar vart heidra med blomar og kake. Laget sin skrivar, Lars Jostein Rørvik overrekte blomar og takka for innsatsen på vegne av Kvinnherad sogelag.
Ny kasserar i laget vert Cort Holtermann frå Utåker, og Eva Røyrane frå Ølve vart vald til nestformann. Laget har enda ikkje lukkast i å finna ny formann, men lagsdrifta vert halde i gang på vanleg måte. Laget manglar også ein representant til valnemnda. Det vil truleg bli nytt styremøte med det første for å prøve å finne ei løysing på rolle samansetninga i styret.