Kvinnherad Sogelag årsmøte 25/04-26 på Hatlestrand

Årsmøtet i Kvinnherad Sogelag 25 spril 2026 vart halde i Hatlestrand Gamle Skule.

Årsmøtet vart opna av formann Knut Jan Kaldestad som ynskte dei 32 frammøtte velkomen.

Årsmøtet fekk også i år nyta dei vakraste tonar utført av eit nydeleg samkjørt samspel med Egil Vaage på fiolin og Dagfrid Berge på trekkspel.

Stemninga vart slik sett.

Innkallinga av årsmøtet vart godkjennt.

Val av ordstyrar : Knut Jan Kaldestad

Val av skrivar: Karin Gram-Nygaard

Val av kasserar: Cort Holtermann

Årsmelding og rekneskap : Knut Jan Kaldestad las opp årsmeldinga og gjekk gjennom rekneskapet.

Begge deler vart godkjende.

Val av nytt styremedlem:Håvard Bakke.

Han vert gr.samansetjinga av styret vald for berre eit år.

Frå før er styret sett saman slik: Leiar :Knut Jan Kaldestad,Nestleiar: Eva Røyrane,Skrivar: Karin Gram-Nygaard,Kasserar :Cort Holtermann,Styremedlemmer: Oddvar Solheim ,Egil Vaage,Vidar Ask.

Varamedlemmer: Audun Eik , Sigmund Spjelkavik,Astrid Haugse.

Egil Vaage går ut av styret. Han vart heidra med blomehelsing for lang tenesta i laget.

Då Knut Jan Kaldestad nå går av som  forman kunne Audun Eik med gleda orientera årsmøtet om at Vidar Ask vert den nye formannen i Kvinnherad Sogelag.

Malena Aasen går ut av valnemda.

Ny valnemd vert då: Audun Eik ,Egil Vaage, Sverre Vevelstad.

Revisor : Kjell Ottar Bauge

Innkalling til nytt styremøte vert sendt ut av Vidar Ask.

Til å skriva under Årsmøtprotokoll vart Harald Berge og Arne Hauge valde.

I strålande april sol,om enn frisk vind, vart dei frammøtte tekne imot av Vidar Ask og Eva Røyrane ved staden kalla Slagget.Staden ligg innst i Ølvesvika og er rik på kulturminner etter å ha vore industristad og hamn i tusen år.

Vidar og Eva tok folket med på ei spanande kulturvandring i eit landskap som framleis visar far etter industrihistoria med trelast,helledrift,ja til og med gullgruva så langt tilbake i tid.

Staden Slagget har nyleg fått opp ei fin og informativ informasjonstavle med qr-kode.

Referent : Karin Gram-Nygaard

Harald Berge              Arne Haug