Bokslepp Kvinnhersminne 22
Kvinnherad Sogelag vil presentera Kvinnhersminne 22 i Helgheim, Uskedalen 6.11. 25 kl 1800.
Trond Bogsnes blir med og snakkar om korleis han har nytta «Kvinnhersminne» som kjelde. Uskedal musikklag vil spela.
Kvinnhersminne 22.
Kvinnhersminne nummer tjueto er no i/snart i handelen. Boka er ei av Kvinnherad Sogelag sine hovudoppgåver, og kjem ut annakvart år. Denne utgåva er bygd over same leisten som dei føregåande. Redaksjonen legg vekt på å finna artiklar frå heile kommunen og synleggjera lokale aktivitetar innan kultur og arbeidsliv. Om lag 500 artiklar er publiserte sidan boka kom ut første gongen i 1982, ikkje berre for medlemer og andre historieinterreserte, men også som kjeldemateriale for folk som skriv historiske bøker.
Arets utgåve har fokus på tre ulike jubileum. I samband med utvandrarjubileet har Torkel Stensletten lagt ned tusenvis av timar for å samla historiane til over 500 utvandrarar frå Kvinnherad. Ein bit av dette finn ein i første artikkelen i boka. Ølve Mållag sitt 100-års jubileum har fått breid dekning. Dessutan kan ein lesa om gamlevegen mellom Rosendal og Omvikdalen, husmannsplassen Låte, fjellgarden Kroka og halsnøybuar på brislingfiske.
Kvinnhersminne 22 blir avslutta med fleire artiklar om krigen 1940-1945. Her finn ein både offentlege dokument og vanlege folk sine opplevingar i ei vanskeleg tid.



Frode Sæbø

