Bli med på spanande tur til Færøyane 26. juli til 1.august 2014.

Årets tur går i vesterlei til Færøyane , som har utruleg mange minner frå tida då landet var ein del av Noreg. Færøyane har nasjonaldag 29. juli , og å få oppleva Olsokfeiringa i Thorshavn 2 heile dagar til ende kan verta eit minne for livet. Eg var sjølv heldig og fekk oppleva feiringa for 2 år sidan; folkefest, bunadsbruk, songglede, nasjonalkjensle, tradisjonar som vart haldne i hevd – gled dykk til turen !
Tide Reiser er turarrangør, turen går med chartefly frå Bergen til Thorshavn , med plass til 78 passasjerar. Tinging av plass vert etter prinsippet «først til mølla».
Programmet og informasjon om prisar, påmeldingsfristar og reiseprogram finn du på sida til
Hordaland sogelag