Tor Bringedal vart takka med blomar av leiaren Anny Nygaard Mehl.

Kvinnherad sogelag hadde årsmøte i Holmedal bedehus på Utåker laurdag 23. april.

Medlemar frå heile kommunen, godt og vel 50 i talet, hadde funne vegen til Holmedal bedehus. Der var det fint pynta med påskeliljer og nyutsprungen bjørk, i eit lyst og triveleg lokale.
Leiaren i sogelaget, Anny Nygaard Mehl, loste oss gjennom årsmøtesakene, som gjekk raskt unna. Les meir

Årsmelding Kvinnherad sogelag 2015

Årsmøte nr 30 i sogelaget vart halde i SKL sitt kurssenter i Matre 25. april 2015.
Mykje folk hadde funne vegen til Matre denne regntunge laurdagen i april.
Årsmelding var sendt ut på førehand, og årsmøtet gjekk greit unna utan merknader. Les meir

Krigshistorisk gruppe årsmelding 2015.

Gruppa vart skipa i 2012, og er ei laust samansett samling av enkeltpersonar som har interesse for hendingane knytte til andre verdskrigen, med særskilt fokus på Kvinnherad.
Gruppa har ikkje nokon fast struktur. Målet er å samla kunnskap om krigen i Kvinnherad og gjera kunnskapen tilgjengeleg for fleire.
8. mai hadde Trond Ramsøy, Einar Gjertsen og Lars Børge Sæberg orientering om kampane i Ytre Hardangerfjord for eit fullsett stemneplasshus i Uskedalen. 27. aug heldt vi føredrag under museumsdagen på Rød, også her for eit fullsett hus. Les meir