Per Helge Martinsen frå Bergen som nett har gjeve ut boka Hemmelig krig 1939 – 1945 vitja Kvinnherad 18. mars.

Forfattaren Per Helge Martinsen og Trond Ramsøy frå krigshistorisk gruppe i sogelaget.

Forfattaren Per Helge Martinsen og Trond Ramsøy frå krigshistorisk gruppe i sogelaget.

På ei tilstelling skipa til i samarbeid mellom biblioteket på Husnes og krigsgruppa i Kvinnherad sogelag fortalde han om korleis etterretningstenestene frå minst fire land opererte i byen og sende rapportar heim om skipstrafikken til og frå Bergen. Mange senkingar med tap av liv skuldast denne spioneringa. Les meir

Hordaland sogelag er no på Facebook. I eit innlegg der i dag er det lagt ut informasjon om og henvisning til ei nettside som heiter Kulturminnesøk. Der finn du oversikt over alle kulturminne som er registrerte der du bur. Skriv inn namn på kommunen og start søk !

Årsmøtet i sogelaget vert 22. april i Rosendal. Det vert orientering om Gurine og omvisning i Gurinefjæro.
Historikar Anders Haugland vil fortelja om Den gamle tingskipnaden i Sunnhordland.
Meir utfyllande informasjon kjem seinare, men set av denne laurdagen alt no !