Spennande føredrag på biblioteket

Per Helge Martinsen frå Bergen som nett har gjeve ut boka Hemmelig krig 1939 – 1945 vitja Kvinnherad 18. mars.

Forfattaren Per Helge Martinsen og Trond Ramsøy frå krigshistorisk gruppe i sogelaget.

Forfattaren Per Helge Martinsen og Trond Ramsøy frå krigshistorisk gruppe i sogelaget.

På ei tilstelling skipa til i samarbeid mellom biblioteket på Husnes og krigsgruppa i Kvinnherad sogelag fortalde han om korleis etterretningstenestene frå minst fire land opererte i byen og sende rapportar heim om skipstrafikken til og frå Bergen. Mange senkingar med tap av liv skuldast denne spioneringa.

Han fortalde også om korleis Bergen vart ein viktig ubåtby for den tyske marine etter 1940, og korleis tyske overflatefartøy nytta byen som hamn for etterforsyning.
Føredraget var illustrert med eit hundretals bilete, fleire av dei vart no viste for første gong, for eit svært interessert publikum.