Slåmaskina

Slåttekarar i Neregarden 1945

Tre staute slåttekarar i Neregarden, Håvikjo, Ølve, år ca. 1945. Frå venstre: Hans Vikane med sønene Torleif og Johannes


SLÅMASKINA
Ein liten tanke i frå den gongen, eg haurde duren av slåmaskinsongen.
Besten slo vendeteigen med ljå, og i stallen vart øykjen sela på.

Orepinn i, bukjore strama, faks og man strigla, Viktoria heitte dama.
Slåmaskinskniven slipa og kvekt, ein arv  frå slekt te slekt.

Graset i skårar fint å grønt, fram pile myse og anna skrømt.
Måsen itte i samla tropp, om ein nakk eller to sku titta opp.

Når teigen er ferdig, jobben gjort, kniven blir renska,vaska å smort.
No står maskina i fred og ro, i skogen,  rundt det spirer og gror

av små buskafore og blømande lyng. Då går det i meg nett so ein styng,
at no er eg der som besten var før, og mine bodnabodn i tunet trør.

Og om neste halvthundra år, kven er det då som rår?
Men ein ting ska eg gjera før eg må gå, lera bobnabodno å slå med ljå. 

Eva Eide.