Referat frå årsmøtet på Utåker 23.04.2016

Tor Bringedal vart takka med blomar av leiaren Anny Nygaard Mehl.

Kvinnherad sogelag hadde årsmøte i Holmedal bedehus på Utåker laurdag 23. april.

Medlemar frå heile kommunen, godt og vel 50 i talet, hadde funne vegen til Holmedal bedehus. Der var det fint pynta med påskeliljer og nyutsprungen bjørk, i eit lyst og triveleg lokale.
Leiaren i sogelaget, Anny Nygaard Mehl, loste oss gjennom årsmøtesakene, som gjekk raskt unna.
Årmelding og rekneskap vart godkjende uten merknader, og heile styret med varafolk tok attval.
Anny Nygaard Mehl held fram som leiar, med seg i styret har ho Dagfinn Eide, Cort Holtermann, Rita Martens Meyer, Eva Vikane Eide, Audun Eik og Kari Fedt Haugsbakk. Varafolk er Lars Børge Sæberg, Trond Ramsøy og Kristen Thore Christensen.
Laget er i framgang, og tel no 233 medlemar, ein netto auke på 28 medlemar siste året. Utgjeving av årboka Kvinnhersminne er hovudaktiviteten til styret. «Førstereis», var tittel på siste årboka, som har selt svært godt. Førsteopplaget på 500 eksemplar rauk ut med ein gong, og det vart trykt eit ekstra opplag på 100 bøker, som det no minkar svært på. Lars Jostein Rørvik har vore skriftstyrar.

Kjøkensjefane Magnhild Alfarnes og Cort Holtermann fekk velfortent takk.

Kjøkensjefane Magnhild Alfarnes og Cort Holtermann fekk velfortent takk.

Lokalhistorikar Tor Bringedal var invitert til årsmøtet. Tittelen på foredraget hans var «Galleriglyttar og andre kjelder til lokalhistorie». Bringedal er ein dyktig formidlar, han orienterte om kjeldebruk i lokalhistorie; ymse offentlege arkiv, digitalarkivet, og aviser.
Lokalavisa Grenda har t.d. vore ei viktig kjelde for Bringedal. Grendamannen var fast gjest på heradstyremøta, han hadde utførlege referat, og galleriglyttarane hans baud på mange gullkorn.
Matøkt var neste punkt på programmet, og med nykokt kaffi, gode smørbrød og heimelaga kaker, så gjekk drøsen livleg.
Einar Gjertsen fekk så ordet. Han er med i Krisgshistorisk gruppe, ei undergruppe av sogelaget. Han samlar på bilete av gamle bilar i Kvinnherad, og har bygt opp ei samling på vel 500 bilete. Han er særleg interessert i bilete av lastebilar påmontert krigsutstyr, som var brukt i kampane her lokalt. Om nokon har slike bilete liggjande, ta gjerne kontakt med Gjertsen.

Sverre Vevelstad syner gammal reknekunst.

Sverre Vevelstad syner gammal reknekunst.

Sverre Vevelstad har vore lærar på Holmedal skule, og har ansvar for skulemuseumssamlinga der. Han orienterte om den rikhaldige samlinga, som er lokalisert i kjellaren på skulen.

Årsmøtelyden flytta seg så til Holmedal kyrkje. der Oddvin Heimvik tok mot oss. Han fortalde om kyrkja, og kom særleg inn på fire gamle kulturskattar dei har der; kyrkjeklokkene, døpefonten, alterskapet og ein gammal bibel frå 1589.

Bibelen er godt teken vare på, og vert berre vist fram i spesielle høve, dette var visst tredje gongen!
Leif Inge Heimvik gav oss til sist ei høgtidsstund då han avlutta i kyrkja med vakker song.

Tusen takk til alle som var med og gjorde dette til nok eit triveleg årsmøte !

ref.: Kari Fedt Haugsbakk