Referat frå årsmøtet 2019

Kvinnherad sogelag hadde årsmøte i Gamleskulen i Uskedalen laurdag 27. april.
Medlemar frå heile kommunen, 50 i talet, hadde funne vegen til Uskedalen denne dagen.

Leiaren i sogelaget, Anny Nygaard Mehl, loste oss gjennom årsmøtesakene, som gjekk raskt unna.
Årsmelding og rekneskap vart godkjende utan merknader. Medlemspengane vert uendra.
Anny Nygaard Mehl gjev seg etter 5 år som leiar. Ho vart takka av med velfortente blomar, og ei lita helsing som Eva Eide hadde skrive.
Ny styreleiar er Audun Eik. Med seg i styret får han Cort Holtermann, Lars Jostein Rørvik, Eva Eide, Rita Martens Meyer, Borgny Særsten, Egil Steinar Tofte. Det var attval på varafolk; Trond Ramsøy, Margunn Malmanger og Jon Olav Sunde. Revisor Kjell Ottar Bauge tok og attval. Dagfinn Eide held fram i valnemnda, saman med nytt medlem Anny Nygaard Mehl.

Lars Jostein Rørvik fortalde litt frå arbeidet i Krigshistorisk gruppe. Dei har fokus på krigshandlingane i Kvinnherad 1940 – 45. Dei har greve djupt i ulike arkiv, og funne mykje opplysningar som ikkje har vore offentleg kjende før. Siktemålet deira er å gje ut ei bok om dette emnet i 2020.

Slektsgranskar Bjarne Hauge fortalde om vanskane han har møtt med å få sluttført arbeidet sitt med rettingar og tillegg til bygdabøkene i Kvinnherad. Sogelaget har prøvt å hjelpa han i høve til engasjement frå kommunen, utan postiv respons frå det haldet.

Marit Hjønnevåg og faren Harald var inviterte til å fortelja om fiskematfirmaet Brødrene Hjønnevåg AS i Uskedalen. Marit, som no har vore dagleg leiar i 19 år, er tredje generasjon Hjønnevåg i denne familieeigde og drivne verksemda. Frå den spede starten med salting av fisk i Solund – føring av fisk med brønnbåt til Bergen – flytting til Kvinnherad – oppstart med fiskematproduksjon i Rosendal – flytting til Uskedalen – fiskebilruter – etablering og utviding på Børneset. Ei vellukka verksemd, tufta på hardt arbeid og kvalitet. NM-gull for fiskepudding i 2018 er prov på det. Og ikkje noko smakar vel bedre enn Hjønnevåg sin lutafisk til jul !

Matøkt var neste post på programmet, med nykokt kaffi og nydelege rundstykke, gjekk praten livleg rundt borda.

Turen gjekk så til Haugland, til det gamle skulehuset som no er kommunalt skulemuseum. Kristian Bringedal hadde teke lærarhatten på seg, og let oss få del i ein skuledag i gamle dagar. Sessa på gamle pultar, med Bibelsoga ,salmebok og kart over Jødeland, vart vi sette 60-70 år attende i tid. Og jamen måtte ein fram på tavlo og visa om ein kunne leksa, både i landkunna og lykkjeskrift!

Skulehuset på Haugland vart bygd i 1983, første læraren var Arne Stuland frå Omvikdalen. Skulen var to-delt, elevane gjekk annankvar dag på skulen. Haugland var eigen skulekrins fram til midt på 1960-talet, då det vart bygd ny skule nede i Uskedalen. Siste læraren var Sigurd Haugland.

Soga om skulehus og lagshus, fortalt av Kristian Bringedal og Bjørgulf Eik, heng så tett saman, at det vert referert samla her.
Lova om fastskule kom i 1860, og var den største skulereforma i Noreg. Alle skulekrinsar med over 30 born vart pålagde å byggja eige skulehus, ei stor oppgåve for mange kommunar.
I Kvinnherad høvde det så godt at Landbruksskulen i Sandvik i Omvikdalen vart nedlagd i 1863. Presten Bessesen fekk kommunen til å kjøpa fleire av dei tomme bygningane der, desse vart så flytta og sette opp som skulehus i Herøysundet, Uskedalen, Omvikdalen og Løfallstrand.
Skulehuset i Uskedalen stod om lag der som bautaen står no. Det var som vanleg strid om plassering av skulen. Presten Bessesen var pådrivar for at ein fekk bygd bru over elva, skulebrua som ho framleis vert kalla. Tømmer til brua vart hogge på Fjellandsbø, visstnok utan løyve frå baronen, så det blei litt sjau med det.
Skulehuset gjorde nytte i omlag 40 år, heilt til nytt skulehus, no kjent som «gamleskulen ved grana», var bygd i 1902. Då nytta ungdomslaget høvet til å få seg eige hus – det eldste skulehuset vart flytt over vegen og sett opp som lagshus.
Ungdomslaget dreiv godt, og huset blei etter kvart for lite og upraktisk. Nytt hus måtte til , og i 1934 stod ungdomshuset Helgheim ferdig.

Huset med det omflakkande til været – stall på landbruksskulen i Omvikdalen – skulehus og seinare ungdomslagshus i Uskedalen – kom igjen på flyttefot. Det vart plukka ned, kjørt opp dalen på høyvogner, og reist som forsamlingshus på Haugland, Vonheim vart det nye namnet. Det er mykje god al og spennande historie i desse veggene !

I Vonheim vart vi tekne mot av Bjørgulf Eik, som ynskte oss velkomne til lagsmøte i ungdomslaget i «gamle dagar». No livnar det i lundar vart sungen for tredje gong den dagen, så no sat teksten godt ! Det var alltid mykje song på ungdomslagsmøta.
Då Brudemarsj frå Seljord og Drømmen om Elin tona frå trekkspelet til Hans Gustav Musland, rykte det nok i dansefoten hos mange.
Lagsbladet Daltrekk var fast innslag på lagsmøta. Låtten sat laust i salen då Liv Eik les eit stykkje frå lagsbladet. Tradisjonen tru vart møtet avslutta med folkevisa Lev vel, så vil eg seia… –
ein særs kjekk årsmøtedag var vel til endes.