Landslaget for lokalhistorie hadde årsmøte i Rosendal første helga i juni 2013. Under festmiddagen les Aslaug Eik opp ein sjølvskriven prolog. Aslaug, som no går i sitt 88.år, fekk ståande applaus av festlyden. Vi har fått lov av Aslaug å dela prologen med lesarane våre :

Prolog av Aslaug Eik

I kveld har eg tenkt å ta dykk med på ei namneferd,
i bygdene her.

Les vi bygdesoga vel,
undrast vi kva namn fortel.
Om dei som rudde, bygde her.
Om deira tankar, tru og gjer.

Noreg – vegen mot nord,
Dei slo seg ned ved elv og fjord.
Samla seg røter og honning og skjel.
I elv og fjord var fisk og sel.

Kvinnheradsnamnet, fleire tydingar vi finn.
Kjem det av kvin, som tyder tidleg gror ?
Eller kjem det av eit anna ord,
tvinne – elvar som renn saman, tvinna i hop.
Tvinn og Kvinn – har dei same rot?

Er litt svak for det gamle sagnet,
det kom ransmenn fra sør i landet.
Slett ikkje fredlege som de,
for alle mannfok vart hogne ned.
Då ransmenn atter kom på tokt,
kvinner møtte med mot og kløkt.
På stauren hengde dei manneklær,
så det såg ut som ein ovstor hær.
Skrekken tok ransmenn – dei såg og for,
det kvita baugen ut gjennom fjord.
Så kvinnor bak namnet – tankane gror.

Folgefonna – folge – tynt snølag.
Vi undrast på – var det nysnø denne dag,
då dei kom – dei første hordar hit,
og såg breen – mektig – kvit.

Mauranger – anger – det gamle namn på fjord,
maur – sundmalen stein som ned fjellsida for.
Og trolsk det er i fjorden her.
Ei gammal soge i minnet ber,
om heilag Olav og kyrkjebygg.
Trollpakk var sinte – dei var ikkje trygg.
Dei spente stein frå fjellet ned,
ja, steinane ramla – det kom som eit skred.
Då fylgje på stranda dei knelar og ber,
og sjå kva som skjer;
steinane legg seg fint etter tur,
og vert til traustaste kyrkjemur.
Sjå, mælte kongen, “ No storsteinen for,
no sender trollet vårt alterbord.”

Ein ærfugl sym i mot neset inne.
Har den reir her, kvar kan vi det finne ?
Og gamal kyrkje på sogegrunn,
ho enn byd inn til høgtidstund.

Lyngstrand og Løvfallstrand,
på stranda her inne – kom dei her når lyngen blømde ?
Dei såg eit syn som dei knappast gløymde.
Lyngstrand – namnet sa seg sjøl,
det kom ikkje rekande på ei fjøl.
Eller om det vart lauvfallstid,
med vakre fargar i lund og li.

Einstavingsorda er dei eldste i laget.
Slik fortel dei som kan dette faget.
Nes og Vik, Sand og Lund,
– vi er oftast på sogegrunn.
På Nes var graver – gamle funn,
tre var liv – ein helgalund.

Rosendalsnamnet – det har vi lånt,
opp i frå Danmark – no er det vårt.
Men det gamle namnet Skåla – det er ikkje
mindre gildt – så gjestemildt.
Med kvilerom for ferdafolk
i tidarbolk.
Den gamle kyrkja, baroni, med landery.
Og ein steinpark, heller ny.

Seim – heim ved sjø.
På gard og bø – her vi finn,
at storfolkslagnad er spunnen inn.
Dronning Mary og skottefrua,
– begge to – med kjærleik og trua
på jarlen av Bothwell, alle laut svi,
for løgn og svik i ei urotid.

Omvikdalen – av Om – ein udal,
der elvar renn saman – gjev gard og rom.
Føl du vegen til endes opp,
møter vatn og knaus og topp.
Ser breen kalvar i Møsevatn,
fargespelet, i stein og mose og vierkratt.

Uskedalen, av ynskje, dei har ynskjeelv,
der fisken hoppar med kåte sprell.
Lenger opp dei sette ut “kjær”,
så fiske gav verkeleg matbrøyte her.

Lune stadar, som fortel om fjord og lende,
Utåker, Husnes og Sunde.
I Herøysund fann båtane ly og livd,
og verestad med heim og trivd.

Hatlestrand – nataskog hadde stor verdi,
heime, og til niste på ferda.

Ølve – ulven treivst i det skogkledde lende,
som vende – mot sol og sør.
Ein friske bør – bar fjorden inn.

Øyane våre – med soge og flora
så uendeleg rik,
med berg og bygning – med li og vik.

Halsnøy – han kunne neppe strekkja hals,
han Erling Skakke.
Men vi kan takke,
for mangfald soge og klosterøya,
i ferdaleia.

Skorpo – med jettegryter og “Tunet i det blå”.
Og Øyo – med Veten på.
For kom fiend inn fjorden i i skyming ein kveld,
då kveiktest på Veten ein vardeeld.
Og på Varaldsøy, gav nuten Varden lei og låm.
Eit seglemerkje, for ferdamann som inn fjorden kom.

Desse namna vil oss fylgja,
øvst frå dalen og ned mot bylgja.
Men tenk på nemne i fjell og li,
stein og knausar og krøtersti.

Budeier trødde på seterveg
Ved ølkone – kjelda – fekk dei tysta seg.
Den flate steinen, berg og knaus,
som troll og ansikt – Ulvanos.

Brurastegen, det var nok veg,
dei hoppa lettføtt med glade steg.
Ambardalen fortelja vil,
det misste ambarne – han kom på trill.
Sauadalen og Bukkanuten –
kor tok han ikkje på tan den guten,
som skulle sanka her haustadag,
då smalaflokken tok ut på jag.

Og alle namna som bjørnen ber
dei møtte bjørnen på sankarferd.
Slik fortel ei gamal hending;
Bjørnebølsmannen sku opp ei vending,
til øvste Grønningen, sjå til budeier, kalv og kyr.
Då augna han ned på ei myr,
ei bjørnebinne som grov eit slok.
Mannen reddast, med fart han tok
opp til seter – “Er det noken her,
som noko under bringa ber ?
Ho må snarast ta heim på ferd.”
For det var gamal folketru,
at bjørnen gjæla slike, skrekk og gru.
I Vierselet var dør så trong,
bjørnen kom ikkje inn ein gong.

Opp på brattaste Dyranut,
der tok kan hende reinen ut.
For her dei prøvde med tamreinsdrift,
det meste var berre tap og slit.

På Kvanngrøhorga var fullgodt beite,
av kvann vart kyrne så blanke, feite.
Mot Fagnabotnet så glad dei stemnde,
i Ingahogg fann dei gryteemne.
Sola ikkje om tida laug,
ho skein på Nonshaug og Daurmålshaug.
På Dansarsteinen stor og flat,
seg svinga huldra om jonsoknatt.

I Møsbrømbrekka der var så bratt,
at møsbrøm ned over nakken skvatt.
Og knausen Futen, kva fortele det ?
Her var futen beint hoggen ned.
Kjem du forbi – ved jonsoktid,
du kan hende kvekk,
av futeskrik med gru og skrekk.

No te vi oss saman – opp på ein topp.
Kjenne oss glupe når vi rekke opp.
Oftast set vi på stoppa pute,
og ser sol og fjell i rute.
Vi treng ´kje veta kvar geitene gjekk,
ved Fuglartjønno eller Grutlebekk.
Eller kyrne beitar ved Nautavatn,
godt vi heve fått namn på kart.

Men tenk – på gjætleguten i regn og rusk,
som lengta heimatt til sovebrisk.
Budeiene på seterveg,
husbond sjølv med lange steg.
Dei trong kjenne knaus og kratt,
for finna vegen ei uversnatt.
Namn og nemne gjer fjell meir kjært,
dei som gjekk her kjem meire nært.
Og skal vi borna rett fortelja,
om gamle stølar, om vatn og fjella.
Dei gamle namna dei høyrer til,
ber noko av vår folkesjel.

Så, vel møtt våre gjester,
frå sør og vest, frå nord og aust.
Her stend vel fjella traust.
Melderskin og Gygrastol nok ruvar aller mest,
og Ulvanos og Englafjell er merkesmenn i vest.