Myrmennene på Landa

Egil Hovda har skrive ein artikkel om kolamilene på Landa, og skogen som økonomisk ressurs. I artikkelen under kan ein lesa om korleis denne eigedomsretten og kunne nyttast som ein politisk ressurs:

Myrmennene på Landa.
Etter at Eidsvollforsamlinga i 1814 hadde gitt Noreg ei eiga grunnlov, var det mykje formelle lover/rammer og rutinar som skulle fastsetjast. Og heile tida fram mot stortingsvalet i 1894 var stemmeretten som hovudregel berre for dei med jordeigedom, embetsmenn og byborgarar.

Vi som samfunnsborgarar har alltid sett etter ”hol” i lov- og regelverk for å gi oss eit betre utgangspunkt. Slik var det også på Landa ved stortingsvalet i 1894. Dersom du var jordeigar var retten til å stemma i orden, og om ein bygsla jord meinte ein at desse og måtte reknast som eigarar. Dette synet fekk gjennomslag hjå styresmaktene.
Eigaren av bnr. 1 på Landa, Jon Tørresson, var sikkert ein mann med politisk interesse og gode kontaktar. Ved dette høvet var det viktig å få så mange stemmer som mogleg, sidan dei hadde ein lokal kandidat på Venstre-lista.

Følgjande arrangement vart gjennomført:
Samson Larsen Fausk fekk kjøpa teigen Frydenlund bnr. 4, som han bygsla til Mons Rabben.
Mathias Myklebust fekk kjøpa teigen Solhaug bnr. 5, som han bygsla til Ola Johnsson Landa.
Olav Myklebust fekk kjøpa teigen Utsigten bnr. 6, som han bygsla til Johannes J. Øye.
Hans Meidel fekk kjøpa teigen Kolbotn bnr. 7, som han bygsla til Johannes Larsson Ripel.
Dei hadde soleis fått 4 nye jordeigarar og 4 nye bygslarar, og alle 8 hadde stemmerett.
Eigaren av bnr. 1 hadde klausul på at han førerett til kjøpa dei 4 eigedommane attende til same pris som salssummen. Det høyrer med til historien at alle fire teigane vart selde attende til bnr. 1 kort tid etter valet.
Etter det eg kjenner til var det liknande ordningar i andre bygder i kommunen vår.
Egil Hovda.