Milepelar for skule og lagsarbeid frå 1739 til 1975 i Omvikdalen
1739- Ulike religiøse lag og grupper
1849 Jordbrukskule i Sandvik. Vedteke av stat og fylke
1861 Studenskule i Sandvik. Ansvarleg prest Erik Olsen (1860-1861)
1862 Nytt skulebygg på Hjelmeland. Øvre kant av garden Myra.
1863 Fyrste lærar med lærarutdanning, Erik Samson Stuland
1865 Omvikdalen Bondeforeining. (1865-1875)
1881 Omvikdalen Ordskiftelag ( 1881-1882)
1883 Ynglingeforeininga. (1883-1884)
1884 Opplæring av vaksne gutar med utvida fagkrins. (1884-1888)
1888 Omvikdalen leselag, seinare same år omdøypt til Omvikdalen ungdomslag
1903 Nytt skulebygg på Fitjaheio
1965 Noverande skulebygg på Fitjaheio
1975 Ny gymnastikksal på Fitjaheio


Ulike religiøse lag og gruppe frå 1739 til d.d.:

Det er lite å finna i historiske kjelder om organisert religiøst arbeid i Omvikdalen. Vi veit at det har vore rimeleg stor aktivitet gjennom deltaking i ulike misjonsprosjekt i ut- og innland. Døme på dette er, Samemisjonen, Kinamisjonen, Santalmisjonen, Indre og Ytre Sjømannsmisjonen m.fl. Før dei fekk eige hus, Forsamlingshuset, det seinare Bedehuset, vart nok desse møta haldne rundtom på gardane. Men ved enkelte høve kjem det fram at dei hadde større tilstellingar i skulen og i Tinghuset.
Der var i periodar stor aktivitet i Bedehuset med mellom anna Yngres, søndagsskule, Unge Røyster, og ulike andre tiltak for barn.

Jordbruksskulen i Sandvikjo (1849):

Etter vedtak i statsråd og fylkesting vart det i 1849 etablert skule for jordbruksutdanning i nedre Sandvik. Skulen var to-årig og hadde 6 elevar på kvart årstrinn.
Elevane fekk teoretisk og praktisk opplæring i dyrking og produksjon av landbruksmaskinar og utstyr. Bøndene i området var sers interesserte i å skaffa seg det nye utstyret. Diverre vart undervisningstilbodet vurdert til å vera for dyrt. Med bakgrunn i dette vart det ”kroken på døra” i 1860.

Studentskulen i Sandvikjo (1860-1861):
Studentskule (Latinskulen)vart etablert i dei gamle lokala til jordbruksskulen i 1860. Det faglege ansvaret hadde prest Erik Olsen, som seinare starta opp med lærarutdanning av lågare grad for kvinner på Ølve.
Elevane vart innlosjerte på gardane rundt om i dalen. Av elevar som i ettertid vart landskjente, kan ein nemna Anders Hovden, Bernt Støylen og Andreas Lavik. Latinskulen vart lagd ned i 1861.

Det nye skulebygget på Hjelmeland

Første skulehuset i Omvikdalen stod ferdig i 1862. Huset var plassert på Hjelmeland, midt i dalen. Materialane til å byggja den nye skulen vart tekne frå bygg som vart rivne då dei la ned Jordbruksskulen og Latinskulen i Sandvikjo i 1861. Huset hadde eitt klasserom på 20,8 m2 pluss gang og vedbod på 7,2 m2.

Skulestova på Hjelmeland, grunnplan

Skulestova på Hjelmeland, grunnplan

Etter det eg kan finna ut fekk 3 andre skulekrinsar i kommunen og nye skulebygg av materialar frå den gamle jordbruksskulen i Sandvikjo.

Formell lærarutdanning (1863):
Første læraren som hadde lærarutdanning var Erik Samson Stuland. Han tok eitt-årig lærarlærlingeskule i 1863 ved Fjellberg kommunale høgare Allmenskole. I tillegg synte han stort engasjement for misjonsarbeid og var den første som tok opp skigåing som fysisk fostring.

Lag og organisasjonar i Omvikdalen:
Første skulelova kom i 1739. Ein kan ikkje i historiske kjelder finna at det var noko stor organisert lagsaktivitet i dalen den tida, med unntak av misjonsforeiningar for kvinner. Dei kom saman for å samla inn pengar til ulike misjonstiltak. Det har det vore tradisjon for fram til vår tid.
Fram til opplysningstida rundt 1850, var det etter måten stabile ramer for den einskilde sin plass i samfunnet. Desse ramene var opplesne og vedtekne, og var ”samfunnslimen” så langt. Omvikdalen er ikkje ei sentral bygd sett i større samanhang, men dei nye ideane nådde hit og på 1860 – 70 talet. Den som hadde æra for dette i Noreg, var stortingsmann Søren Jaabæk. Han spreidde dei nye ideane gjennom bladet sitt Folketidende. Jaabæk oppmoda til oppvakning gjennom kunnskap, drøfting og kritisk tenking. Med andre ord, han mante til opprør mot privilegium og ”hevdvunne sanningar”.

Omvikdalen Bondeforeining 1860:

Hans Meidel sin bustad og forretning

Hans Meidel sin bustad og forretning

Med bakgrunn i desse nye ideane vart Omvikdalen bondeforeining ( Kvinnherreds Folkeforening), skipa i 1860. Første leiaren var Godskalk Jonson frå Myklebust og nestleiar var Samson Meidel.
Tema som først var oppe til drøfting var jordbruksfaglege spørsmål, men etter kvart kom spørsmål om demokrati, levekår, status mellom ulike grupper og økonomi. Laget etablerte branntrygdelag, Kvinnherad gjensidige brandforsikring. Dette laget var eit av dei største trygdelaga i landet, men gjekk inn som sjølvstendig lag i 1875. Bondeforeiningen sin aktivitet dala av etter kvart og den gjekk inn i slutten av 1870-åra.

Omvikdalen ordskiftelag 1881:
Hausten 1881 vart Jens Tvedt, Lars Meidel og Axel Lea samde om å starta opp Omvikdalen ordskiftelag. Dei første møta vart haldne i tingstova på Dimmelsvik og seinare i skulehuset på Hjelmeland. Laget hadde sterkt fokus på litteratur, særleg dei store norske forfattarane. Dette var nok naturleg sidan Bjørnson-elskaren Jens Tvedt, var sentral i laget. Det var ikkje berre det boklege som vart handsama på møta. Fysisk aktivitet var og viktig for deltakarane.

Motkreftene i bygda var ikkje særleg glade for dei nye ideane som kom fram. Det var stadig utspel for stoppa aktiviteane deira. Sterke krefter i bygda ville ha presten til å nekta ordskiftelaget å ha samlingar i det nye skulehuset. Då var det godt å ha ein prest som Unger. Den store velviljen hans for lagsarbeid i kommunen var godt kjent. Det vart og gjennomført listeaksjonar, der ein samla underskrifter mot dei nye laga som vaks fram. Året etter etableringa flytta Jens Tvedt til Stavanger, og laget gjekk inn då eldsjela vart borte.

Ynglingeforeininga:
I historiske kjelder kan ei lesa at kulturpersonen Axsel Lea etter kvart følte seg lite velkomen i det friviljuge arbeidet, og han trekte seg derfor tilbake. Men det tok ikkje lang tid før sentrale bygdefolk tok kontakt og bad om hjelp. Som den eldsjel han var, vart det snart full fart med nye planar.
Den 4. februar 1883 gjekk det ut innbjoding til etablering av Ynglingeforeining for menn mellom 17 og 30 år. Dei som skreiv under innbjodinga var:
Axel Lea, Johannes L. Ripel, Nils Tvedt, Johannes J. Hjelmeland, Samson Jensen Hjelmeland, Samson J. Stueland, Jens J. Stueland, Lars Olai Meidel, Hans Severin Meidel, Mons Matsen Rabben, Karl M. Bertelsen Næs, Mons M. Omvig, Lars E. Lund, Johan J. Omvik, Kristen K. Sædberg.
Dersom ein leitar i historiske kjelder for Omvikdalen, finn ein alle desse personane att i ulike samanhengar. Dei har nok saman med andre vore viktige for samfunnsutviklinga i dalen.
Interessa var etter måten stor for foreininga. Lokale skaffa dei seg gjennom rehabilitering av ”Blåstova” i eit eldre hus på Fet. Truleg stod dette huset der Ole Johnny Albrethson har garasjen sin i dag. Rommet vart innreia med bord og stolar. Gjennom ulike kanalar og tidlegare boksamlingar fekk dei til eit lite bibliotek. For å halda seg orientert om utviklinga abonnerte dei på desse blada: Bergensposten, Heimdal, Budstikka, S.B.Folkeblad, Folkevennen, Vikingen. For å dekka laget sin utgifter måtte medlemmane betale ein årleg kontingent. Lokala stod opne slik at medlemmane kunne gå inn når det passa og lesa aktuelle blad eller bøker.

Bakkehuset, der Axel Lea budde

Bakkehuset, der Axel Lea budde

Ynglingeforeininga dreiv og med fysisk aktivitet.
Foreininga tok på seg ansvaret for å arrangera 17. mai feiringa i 1884. Det kom folk heilt frå Uskedalen, Rosendal og Løfallstrand for å feira og delta i kapproinga. Det var to hovudtalarar for dagen, presten Unger og Anders Lavik.

Opplæring av vaksne gutar:
Då Ynglingeforeininga gjekk til kvile i 1884, var det ikkje lenger nokon stad eller fora der ein kunne søkja kunnskap og drøftingar om demokrati og menneskerettar. Dette behovet såg Aksel Lea og starta opp ein skule for vaksne gutar. Tilbodet for 4-5 gutar vart godt omtykt og varde i fleire år. Dette vart nok ei god stamme for framtida og skipinga av Omvikdalen ungdomslag.

Med- og motgang i ei brytningstid:
I heile perioden frå skipinga av Bondeforeininga i 1860, vidare i Ordskiftelaget i 1881 og Ynglingeforeininga i 1883, var der ei spenning om korleis utviklinga i bygda ville verta. Ein kan lura på om dette var grunnen til at desse laga fekk så kort levetid. Kva var det som låg bak den usemja som kom for dagen? Nei, det kan vi ikkje i dag gi eit fullgodt svar på. Historiske kjelder syner at der var stor uro for kva dei nye ideane som opplysningstida bar med seg, ville føra til. Det sikre var ikkje så sikkert lenger. At det vart stilt spørsmål om kyrkja og religionen vart av mange oppfatta som blasfemi.

Det nye Noreg med demokrati og folkestyre var noko nytt og uklart. Vi skal her hugsa at det berre var embetsmenn og jordeigarar (bønder) som hadde stemmerett ved stortingsval. Korleis ville dette bli om kvinnene og alle dei andre som krov det, skulle få denne retten?

I heile denne perioden gjekk striden i hovudsak på tre nivå:
⦁ Dei unge mot dei gamle.
⦁ Jordeigar mot tenestefolk og lausarbeidarar.
⦁ Likestilling og demokrati.

Omvikdalen Leselag / Omvikdalen Ungdomslag:
I tida etter nedlegginga av Ynglingeforeininga i 1884, var det mange som sakna ein arena for kunnskap og drøfting, men det måtte og vera rom for både alvor og fest. Nils Tvedt og Johannes Ripel kalla i 1888 inn til møte i skulehuset på Hjelmeland. Det møtte 5-6 personar og det vart vedteke å skipa eit leselag. Nils Tvedt skaffa gjennom eigne og andre sine kontaktar eit lite bibliotek. Bøkene vart nytta på møta og gjekk på omgang i tida mellom møta. Kroppsøving var og ein viktig del av laget sin aktivitet.
Etter kort tid vart namnet på laget endra frå leselag til ungdomslag. Det vart no opna for at jenter og kunne vera medlemmar i laget. Laget var soleis ein sosialiseringsarena der ein drøfta levekår, litteratur og samfunnsutvikling.
Ungdomslaget vart skipa i 1888, og med utgangspunkt i dette laget vart det etter kvart gjennomført mange dugnadsaktivitetar og andre knoppskytingar.