Anny Nygaard Mehl ynskjer Henry Aakre velkommen i sogelaget. © Torstein Lund Eik/Grenda

Anny Nygaard Mehl ynskjer Henry Aakre velkommen i sogelaget. © Torstein Lund Eik/Grenda

Vi ynskjer Henry velkommen i sogelaget ! Som medlem nr 200 får han ei eksta velkomstgåve; ei samling med tidlegare årgangar av Kvinnhersminne.
Henry fortel at han vart sitjande ved sida av leiaren i sogelaget, Anny Nygaard Mehl, hos frisøren før jul. Dei er gamle kjende, så praten gjekk lett. Og før julesveisen var ferdig, hadde Anny verva han som nytt medlem i sogelaget !
Henry fortel at han er interessert i å ta vare på gamle stadnamn, slik at oppvaksande generasjonar og får kjennskap til dei. Saman med andre lokalkjende har han registrert mange lokale stadnamn i Herøysundet.