Lokalhistorie i skulesekken

Formidling av lokal kulturarv til barn og unge.

Prosjektet finansiert av Sparebankstiftinga DNB og Kulturrådet.

Prosjektet var ei nasjonal satsing over tre år og avslutta 31. desember 2020.

Merethe Offerdal Tveit er utdanna innan film, frå Nordland kunst- og filmfagskole og Oslo Met.

Ho har leia eit filmkurs for elevar ved 7. trinnet for skulane i Kvinnherad og saman med dei laga korte lokalhistoriske filmar. Desse kortfilmane synes Kvinnherad sogelag er av stor kulturhistorisk verdi. Filmane er laga på ein framifrå god måte, med intervju av eldre folk og deretter sett i scene av elevar og redigert av Merethe og elevar.

Kvinnherad sogelag er glad for å kunna vore til hjelp med søknad om økonomisk støtte til prosjektet  gjennom Landslaget for lokalhistorie. Vi er og takksame for å kunna leggja til linken som syner kor ein kan finna filmane til  Merethe: www.lokalfim.com

I 2020 vart Merethe prisvinnar i kategorien «Beste norske dokumentar» med filmen «Odelsgut og fantefølgje»  under BIFF si prisutdeling i Bergen.