Omvikdalen Foto :Nord

Omvikdalen
Foto :Nord

Egil Hovda har skrive ein artikkelserie om skule og lagsarbeid i Omvikdalen. Endringar og nye tankar møtte stundom splid og usemje i bygda: Ei nytilsett kvinneleg lærarinne satt i fleire dagar og venta på elevar som ikkje møtte. Då fekk ho beskjed frå ein av bygdas beste menn :» Vi har engasjert ein mannleg lærar, så du kan reisa.»

Skule og lagsarbeid.

Omvikdalen er open og fin u-dal som ligg i himmelretningane nord – sør. Jordbruk har vore hovudnæringa i historisk tid. I dag er bygda ei av dei fremste jordbruksbygdene i Hordaland fylke. Målsettinga med dette prosjektet er å gje eit oversyn over utviklinga skule og lagsarbeid har hatt i dalen, og korleis dei kan ha påverka kvarandre, i løpet av desse 259 åra.

⦁ Skulelovene frå 1739 til 1998 og konsekvensane dei fekk.
⦁ Milepelar for skule og lagsarbeid, frå 1739 til 1975.
⦁ Aktivitetar med utgangspunkt i Omvikdalen ungdomslag, frå 1888 til d.d.

I denne dalen kan ein frå naturen oppleva sterke vindar som ofte kjem i kast. Då dei nye vindane med opplysningstida nådde dalen, vart det både kast og kvervlar. Ut frå historia som er nedteikna, var det mykje svartsyn og motbør, og dei som var oppe i kampane meinte at det var mange ”mørkemenn” som stod bak.
Men mange av dei unge hadde forståing for dei eldre sine vurderingar og mana til varsemd. Det var mogleg å nå målet om vegen gjekk litt i krokar undervegs. Det var viktig å ikkje røyna dei ulike partane si smertegrense.
Når vi i dag ser attende på ei utvikling over 259 år, og dei ulike kampane med sigrar og tap, har resultatet ført til eit livskraftig og godt bygdemiljø .
I dette notatet vil ein ikkje finna noko om industri, jordbruk, økonomi eller andre næringar. Det får ein koma attende til ved eit seinare høve.

SKULELOVENE FRÅ 1739 TIL 1998 OG KONSEKVENSANE DEI FEKK.

Lover for grunnskoleopplæringa frå 1739 til 1998
⦁ 1739 Den første skuleloven (allmenskulelova) med faga kristendom, lesing,skriving og rekning.
Det var skuleplikt frå 7 års alderen til minst 12-14 års alder.
⦁ 1827 Lov angaaende Almue-Skolevæsnet paa Landet. Fastskoleloven.
⦁ 1860 Lov om allmueskolene på landet.
⦁ 1889 Folkeskoleloven, veien til høyere utdanning. (likhet for land og by)
⦁ 1890 Den første normalplanen for folkeskolen.
⦁ 1936 Folkeskoleloven av 1936, Enhetsskolen.
⦁ 1959 Folkeskulelova av 1959. Obligatorisk 7-årig skule.
⦁ 1969 Lov om grunnskulen. Pliktig skulegang vert utvida til 9 år.
⦁ 1998 Lov om grunnskule og vidaregåande skule. Opplæringslova.

Omgangsskulen:
Før 1739 var det undervisningstilbod i byar og tettstadar, men lite og ikkje på landsbygda. Frå 1739 til 1862 var all opplæring på barnetrinnet organisert som omgangsskule i Omvikdalen. Dalen vart eige distrikt saman med Kjærland – Myklebust i Uskedalen, som igjen var oppdelt i soner. Der hadde dei ulike gardane ansvaret for å hysa skulen på omgang, og å gje husly og kost til læraren (skulehaldaren). Undervisninga gjekk vanlegvis føre seg samla ved eit stort bord i stova eller på kjøkenet rundt om på gardane. Den som var lærar hadde som oftast ansvar for heile distriktet og flytta seg frå sone til sone.
I 1827 vart det vedteke lov om at all opplæring skulle gå føre seg i eit eige bygg. Ordninga med omgangsskule skulle avviklast, men i Omvikdalen vart dette ikkje ein realitet før 35 år seinare, i 1862. Som oftast var det ikkje så enkelt å velja den ”rette plassen”, og å få økonomien på plass til eit eige bygg. Plassering av skulehuset på Hjelmeland og skulebrua var ein ”investeringspakke” for å få semje om plassering av skulen.

Skulestova på Hjelmeland

Skulestova på Hjelmeland


Organiseringa av omgangsskulen var prestegjeldet sitt ansvar. Dei som vart valde av presten som lærar (skulehaldar) var dei mest oppvakte av konfirmantgutane. Før dei starta opp som skulehaldar fekk dei noko etterutdanning av prest og klokkar. Jobben som skulehaldar var ikkje særleg godt betalt, men hadde den fordel at dei ikkje vart skrivne ut til militærteneste. Denne ordninga gjorde at rekrutteringa av skulehaldarar gjekk lettare. Som alle skjønar var det heilt utenkjeleg at ei jente/kvinne kunne vera skulehaldar.
Lars Larsson Hjelmeland (Skule-Lars) var ein sers omtykt lærar. Presten meinte at han hadde dei flinkaste elevane i kommunen. Etter han kom Jens Tvedt som og var ein godt omtykt lærar. Han starta si lærargjerning i den nye skulen, men flytta til Stavanger i 1881.
Alle gutar og jenter i alderen frå 7 år og opp til vanlegvis 14 år hadde rett til skulegang. Skulegangen varde i 6 veker pr. år i den første tida. Seinare vart skuleåret utvida til ca. 27 veker. Det var viktig at undervisningstida vart avpassa til drifta på gardane. Onnene gjekk føre alt anna. Skuleåret vart plassert mellom Mikkelsmess og St.Hans.

Ved omgangsskulane var hovudmålet at skulen skulle leia elevane fram mot konfirmasjonen. Undervisningsforma var i hovudsak høyring i kristendomskunnskap. Nokre av elevane lærde og litt lesing, skriving og rekning.
Den gong som i dag var det nokre som ikkje fekk med seg alt i skulen. Av den grunn slapp dei ikkje fram for presten (vart ikkje konfirmert). Då var det ikkje noko anna å gjera enn å freistaat til neste år. Alle som ville ta seg arbeid utanfor garden eller gifta seg, måtte vera konfirmerte. Etter det eg kann finna ut i gamle papir var den eldste konfirmanten frå Omvikdalen 42 år.
I utgangspunktet skulle konfirmanten sin plass på kyrkjegolvet avspegla kunnskap og flid, men den tid som i dag, var det tilfelle der ein kunne ”snika” i køen. Då ved hjelp av posisjon i samfunnet og materielle ressursar.

Når det galdt løn, så måtte kvar gardeigar betala 8 ort og husmenn 5 ort pr år. Første tida måtte skulehaldaren sjølv krevja inn løna. Problem som då oppsto førte med seg at presten tilsette eigen innkrevjar. Mange av bøndene følte at lærarløna var bortkasta pengar. Trussel om straff og utpanting dersom ein ikkje følgde pålegga om kostnadsdeling og sende ungane på skulen, fekk dei fleste føresette til å innordna seg.
Skulelokala på dei fleste gardane var ikkje særleg bra. Det var ofte kaldt, mørkt, trekkfullt og med mykje røyk. Dette går heil klårt fram i ein av elevane og seinare lærar Godskalk Jonson Myklebust sine refleksjonar.
Godskalk Jonson vart seinare lærar i Drammensdistriktet. Han har skrive ei rekkje historiar om si tid i omgangsskulen. Ein av grunnane til at han flytta frå Omvikdalen, var at dei skuleansvarlege i kommunen meinte han var ein ”Jaabæk- mann”( sjå nærare forklaring) og av den grunn lite eigna til oppseding av born.

Omvikdalen fekk eige skulehus i 1862. Huset vart bygd på Hjelmeland, etter lov av 1827/1860. Huset hadde ei skulestove. Det var ofte problem for prest og klokkar å gjennomføra tilsynsplikta dei var pålagde etter lovene av 1739/1827/1860. Dette vart mykje lettare når all undervisninga gjekk føre seg i faste skulebygg som dei sjølve hadde godkjent.
Utdanna lærarar var og med og heva standarden på undervisninga. Ved eit tilfelle skulle krinsen skifta lærar og presten hadde tilsett ei lærarinne. Ho kom på den nye arbeidsplassen, men ingen elevar dukka opp. Etter fleire dagar med venting fekk ho beskjed frå ein av bygdas beste menn:
” Vi har engasjert ein mannleg lærar, så du kan reisa”. Presten var usamd i dette, men måtte gje seg, endå lærarinna hadde gjennomført lærarinnekurs av lågare grad (småskule)hjå Erik Olsen i Ølve.

I året 1873 hadde Omvikdalen 2-delt skule med 48 elevar. Skuleåret varde i 27 veker. Ungane på Bjødnabøle og Fjellhaugen hadde heile tida omgangsskule, og i 1873 var der 4 elevar. Desse elevane hadde 3 veker årleg undervisning, seinare utvida til 6 veker. Opplegget var eit samarbeid mellom Kvinnherad og Skånevik kommunar.

Skulen frå 1862 til 1903:
Det vart ei stor forbetring då den nye skulen sto ferdig på Hjelmeland i 1862. Dei næraste åra auka elevtalet og talet på undervisningsveker monaleg. Dette førte snart til eit kapasitetsspørsmål. Då dei to nye lovene i 1889 og 1890 kom med utvida fagtilbod, vart situasjonen kritisk. Kommunen såg dette og sette i gang arbeidet med ny skule med to klasserom og husrom for læraren. I tillegg vart det full kjellar, som ungdomslaget grov ut. Den nye skulen stod klar til bruk i 1903.
Same året vart landsmål innført i alle skulane i Kvinnherad. Det vart lettare for borna då dei fekk meir likt språk i bøker og daglegtale. Det var ikkje utan kamp at nokre av lærebøkene vart innførte. Det gjekk ikkje på om det var landsmål eller riksmål, men den liberale utforminga av teksten.

Skulen frå 1903 til 1998:
Skulen har i alle år hatt ei rekkje reformer og lovendringar med målsetting om å gje elevane eit stadig betre tilbod. Folkeskoleloven av 1936 (Enhetsskolen) og Folkeskulelova av 1959 (Obligatorisk 7-årig skule) sette press på kommunen om å utbetra undervisningslokala ved skulen. Resultatet vart eit nytt skulebygg knytt saman med bygget frå 1903. Hausten 1965 kunne nybygget takast i bruk. Kostnadsramma var kr. 1.650.000. Siste utbygginga med gymnastikksal vart gjennomført i 1975.
Lov om grunnskulen av 1969 (pliktig skulegang i 9 år), medførte at skulen måtte ta mot 2 nye årskull. Dette vart løyst ved at ungdomsskuleelevane gjekk til ungdomsskulen i Rosendal.
Lov om grunnskule og vidaregåande skule av 1998 (Opplæringslova) fekk den konsekvens at heile skule-løpet fekk felles lov, men det medførte ikkje noko lokaliseringsproblem for Omvikdalen skule.
Dersom ein les boka ”Skulen i Kvinnherad gjennom 250 år» (1739-1989) får ein det fulle oversynet.