Kvinnhersminne XIX ute no!

Kvinnherad sogelag gjer ut «Kvinnhersminne» annakvart år. Er du medlem får du boka gratis.

Følgjande årbøker kan lastast ned og lesast som PDF 

Årbok I , årbok VIII , årbok XIII.

Under innhaldsoversikta på den aktuelle boka, er der ein link der ein kan lasta ned boka i pdf. utgåve. Årbøkene kan og kjøpast hos Rosendal Bokhandel og Kvinnherad Bok og Papirhandel.

Kvinnhersminne XIX

Kvinnhersminne XIX vart levert ut til medlemmane i Kvinnherad sogelag før jul 2019. Boka er til sals i bokhandelen i Rosendal og på Husnes, eller du kan kontakta sogelaget.
Kvinnhersminne XVII

Kvinnhersminne – Årbok XVII

Korleis opplevde den unge guten eller jenta frå ei lita bygd møtet med den store verda? Var lengten til heimen like overveldande som det store havet dei skulle kryssa på veg mot ei ukjend hamn? Ville freistingar på ulike område, eller andre dramatiske hendingar, setja varige spor i eit ungt sinn?

Kvinnhersminne – Årbok XVI

Kvinnhersminne - årbok XVI er no til sals hos Rosendal Bokhandel og hos Kvinnherad Bok og Papir.

Kvinnhersminne – Årbok XV

Tjue bedehus og ein baptistmenighet Forord: ..” Det er interessant å samanlikna denne Årbok XV om bedehusa med den forrige Årbok XIV om ungdomshusa. Dei var meir og mindre vennlegsinna motpolar i bygdene. Her var likevel svært mykje likt. Begge samlingsstadane voks fram av organisasjonar som spirte opp på 1800-talet. Begge hadde preg av protestrørsle og begge bygde husa sine med stor offervilje og dugnadsinnsats...”

Kvinnhersminne – Årbok XIV

Det frilyndte ungdomsarbeidet og mangt anna Forord :...Hovudtema er ungdomshusa i Kvinnherad...Sjølvsagt må vi og nemna laga som bygde husa. Dei tilhøyrde den frilynde ungdomsrørsla med band til Noregs Ungdomslag. Stundom levde dei i fredleg sameksistens med bedehuskulturen, andre tider i motsetnad”..

Kvinnhersminne – Årbok XIII

Arbeid- og kvardagsliv i bygdene våre Boka er diverre utseld. Kvinnherad bibliotek har ho for utlån. Forord :..”mykje av det som skjedde berre for 50 år sidan er som henta frå ei heilt anna verd for dei som veks opp i dag. Difor er det viktig å få fram at det velferdssamfunnet vi har i dag, er tufta på tidlegare generasjonars arbeid og slit...

Kvinnhersminne – Årbok XII

1905 i Kvinnherad Forord : ...” i Kvinnhersminne 2005 har me valt å konsentrera oss om tre tema : Unionsoppløysinga 1905 , Realskulen i Kvinnherad, Samferdsle og turisme i Kvinnherad før 1940”.

Kvinnhersminne – Årbok XI

Helse i Kvinnherad i 400 år Forord: ...” Den første offentlege legen i Noreg vart utnemnd av kong Christian IV i 1603. Villads Nielsen tok til som stadsmedicus i Bergen same året...I 2003 er det såleis 400 års jubileum for det offentlege lege- og helsevesenet i Noreg.”

Kvinnhersminne – Årbok X

Språkstrid, Jul & Vaage Forord: ..“vi inviterar lesarane til ei bok med tre emne : Innføringa av nynorsk i kvinnhers-skulen, Gamle juleskikkar i Kvinnherad, Forfattaren Lars Amund Vaage “...

Kvinnhersminne – Årbok IX

Fjorden som ferdaveg Forord : ..”Fjorden som ferdaveg “ er dekkjande for hovudinnhaldet i boka. Vi har lagt hovudvekt på rutebåttrafikken og livet på og ved fjordane våre, men som vanleg vil du og finna stoff som bryt med hovudinnhaldet.”

Kvinnhersminne – Årbok VIII

Utvandringa til Amerika Boka er diverre utseld, Kvinnherad bibliotek har ho for utlån. Du kan og lasta ho ned som pdf på denne sida.

Kvinnhersminne – Årbok VII

Stølsdrift i Kvinnherad Føreord : ...« I dette Kvinnhersminne er samla ein god del stoff og kunnskap om stølsdrifta i Kvinnherad»..

Kvinnhersminne – Årbok VI

Føreord: ..I år har me samla oss om eit par hovudemne : Gamle gravferdsskikkar og utvandring til Amerika..

Kvinnhersminne – Årbok V

Føreord: ...100-årsjubileumet (1989) for kvinnhersdiktaren Ragnvald Vaage har fått største plassen i denne årboka. Dei andre store jubilea i 1989, 250-årsjubileet for grunnskulen, og 175-årsjubileet for grunnlova har og fått sin plass..

Kvinnhersminne – Årbok IV

Føreord: ..«Somme tema visar seg å vera rikare enn me frå først av tenkte. Dette gjeld ikkje minst temaet opplæring. Lesarane vil sjå at fleire av artiklane denn gongen dreier seg om det. Lag og lagsverksemd i lokalmiljøet er eit anna rikt og aktuelt tema...-denne gongen fortel me om eit av dei frilynde ungdomslaga som har levd i 100 år, og let andre nærskylde emne stø seg til det..».

Kvinnhersminne – Årbok III

Føreord: ..« som før har me prøvd å samla innhaldet kring eitt eller to hovudtema. Dei fyrste stykka har på ein eller annan måte med samferdsle å gjera. Det andre tema er eit framhald av det eine hovudtema i Årbok II, om skular og skulefolk »..

Kvinnhersminne – Årbok II

Føreord:..“ hovudtema denne gongen er kring skular og skuleungdom i Kvinnherad for vel hundre år sidan, og song- og musikklivet i bygda vår frå gammalt “..

Kvinnhersminne – Årbok I

Boka er diverre utseld. Kvinnherad bibliotek har ho for utlån. Føreord: «det fylgjer ansvar med dette å skriftfesta fortida. Det bør gjerast både rett og finsleg. Dei munnlege overleveringane må så langt råd er krysskontrollerast, eller ein må syta for at dei ikkje gjev seg ut for meir enn det dei er: brotstykke som kanskje har vorte omlaga og tildikta på vegen fram til i dag.»..
Blog Posts
Portfolio
Pages
Categories

Archives by Subject:

Monthly