Kvinnhersminne XVII

Kvinnhersminne – Årbok XVII – Førstereis

Til lesaren
Korleis opplevde den unge guten eller jenta frå ei lita bygd møtet med den store verda? Var lengten til heimen like overveldande som det store havet dei skulle kryssa på veg mot ei ukjend hamn? Ville freistingar på ulike område, eller andre dramatiske hendingar, setja varige spor i eit ungt sinn?
Ein vil nok ikkje få svar på alle slike spørsmål gjennom forteljingane i denne utgåva av Kvinnhersminne. Men vi vonar at historiane vil gje lesaren ein bit av den røyndomen mange av ungdomane frå bygdene våre møtte der ute, langt borte frå trygge omgjevnader i si eiga heimbygd.
Vi har fått fjorten kvinnheringar til å fortelja korleis dei opplevde å reisa ut første gongen. Nokre av dei deler også historiar frå eit langt liv på havet. I tid spenner historiane frå Johannes Presthus sin første tur med jakta «Elianna» rundt 1900, til Harald Kvernenes sine dramatiske opplevingar under 2. verdskrigen. Vidare skal vi følgja unge kvinnheringar i norsk skipsfart sin gullalder i etterkrigstida fram til 1980-talet. Nokre gav seg etter ein periode til sjøs. Andre valde å ta utdanning i maritime fag, for så å avansera til offiserar både i maskin, bysse og som skipsførar.
Kvinnene var i klart mindretal, men messejenta frå Rørvik og «gnisto» frå Ølve har gjeve oss levande forteljingar om deira erfaringar i dette mannsdominerte yrket. Vi skal også møta sjømannspresten, ein kjær person i mange sjøfok sitt liv. Og ikkje minst husmora på sjømannskyrkja. Ho som hjelpte til med kvardagslege gjeremål og serverte dei velkjende vaflene i lag med kaffien.
Vi har også møtt ei som fekk røyna korleis det var å driva eit vestlands gardsbruk og fostra opp born medan mannen var til sjøs i lange periodar. Mellom desse historiane gjev Kari Fedt Haugsbakk oss eit levande bilete av handelsstaden Dimmelsvik, og folka som starta og dreiv den i lang tid. Vidare skriv ho om tønnefabrikken på same staden, som var ein viktig arbeidsplass for mange i indre luten.
Skrifstyret vil gjerne få takka alle som har bidrege med levande skildringar frå ein viktig periode av livet sitt. Me har berre møtt velvilje og entusiasme hos alle som er blitt spurde. Problemet har heller vore å redigera bort deler av forteljingane. Dei hadde så mykje dei ville fortelja oss.
Skriftstyret

Innhald
Ut med «Elianna» av Johannes J. Presthus
To dramatiske hendingar frå tida mi til sjøs av Didrik Johannes Bjørgen, fortalt til Dagfinn Eide
Dramatiske krigsår i den norske handelsflåten av Harald Kvernenes
Førstereis med «Anna Odland» av Tørres Sæbø, fortalt til Dagfinn Eide og Lars Jostein Rørvik
Ung førstereis husmor av Liv Slettemark
Dimmelsvik – handelsstad og tingstad av Kari Fedt Haugsbakk
Minner frå eit langt liv på sjøen av Einar Pile, fortalt til Audun Eik og Lars Jostein Rørvik
Til Sibir etter tømmer av Magnar Hjelmeland
Magne Helvik – førstereis på «Bow Hill» fortalt til Eva Eide
Ein sjømannsprest med Ølves-røtter av Arne Olav Øystese
Ei innhaldsrik veke i ein førstereisguts liv av Egil Hovda
Ein førstereisgut på 50-talet av Johannes Tveitnes
Messejente om bord i MS «Goya» av Torunn Thorsen, fortalt til Lars Jostein Rørvik
Førstereis med MS»Lord Viking» av Margaret Haugland
Fabrikkane på Dimmelsvik av Kari Fedt Haugsbakk
Førstereis på MS «Grena» av Jan Håvik
I kystfart med «Arnafjord» av Johannes Bondhus
Klara Døssland fortel til Audun Eik og Lars Jostein Rørvik