Helga og Else tilbake på den gamle vaskeplassen ved brua mellom Fet og Lund

Helga og Else tilbake på den gamle vaskeplassen ved brua mellom Fet og Lund

Markering av kulturminnedag i Omvikdalen.
Kulturminnedagane vert markert i september kvart år og er den største felles feiringa av kulturarv i Europa. I år er tema for dagane : Nabolag – menneske, kulturminne og historie. Norges kulturvernforbund skriv i si oppmoding til kommunane at det er ønskjeleg at arrangementa fokuserar på eige nabolag ,med historie, menneskje og fysiske kulturminne, og at ein nyttar høvet til å visa fram kulturskattar i nærmiljøet. Omvikdalen Bygdekvinnelag og Kvinnherad sogelag arrangerer ope møte i Dalheim komande tysdag, 15.sept., der historisk utvikling i Omvikdalen dei siste 100 åra vil bli presentert i ord og bilete.
Anna Ingeborg Bjørnebøle vil fortelja om det offentlege badet i dalen og om vaskeplassane. Lars Børge Sæberg seier litt om kulturminne frå nyare tid. Grethe Brundtland vil gje eit portrett av Signe Tvedt, ei føregangskvinne i bondereisinga og bondelaget.
Velkomne til triveleg kulturkveld !