Kvinnherad sogelag og Kvinnherad kommune markerar kulturminnedagen 2014 i tuftene til Melskapellet i Rosendal.
Laurdag 13. september kl 16.00 vert det atter ringd med klokkene i dei gamle tuftene.
Vi bed då inn til gammaldags kyrkjegang anno 1914.
Prest Pål Dale held andakt, det vert salmesang, og B-laget til Rosendal musikklag spelar.
Vi håpar mange finn vegen til Melskapellet denne laurdags ettermiddagen.
Vi gler oss til ei høgtidsstund på gamle tufter, og oppmodar fok om å koma i tidsrette klær, finn fram den gamle kyrkjehatten til besten !
Gled dykk og til kyrkjekaffi med nysteikte mjelkekaker !

Program :

Velkomsthelsing
Klokkeringing v/ Kaare Skaala
Preludium v/musikklaget
Salmesong
Andakt m/Fadervår og velsigning ved prest Pål Dale
Salmesong
Klokkeklang
Helsingar
Postludium
Kyrkjekaffi