Krigshistorisk gruppe er ei undergruppe av Kvinnherad sogelag. Trond Ramsøy og Lars Børge Sæberg er svært sentrale i gruppa, og saman med Kristian Bringedal hadde dei lagt til rette programmet : «I løytnant Sven Bugge sine fotspor frå april til 10. mai 1940.» .

På uskedalen.no, kan ein m.a. lesa : Sven Bugge var utdanna skipsførar. Som vernepliktig løytnant i 1940 vart han sjef på vaktbåten HAUS, som var stasjonert utanfor Bergen. I aprildagane utførte Bugge mange dristige oppdrag i Kvam og i Kvinnherad, i kamp og ikkje minst bak fiendens linjer.

Som sjøkaptein tok han og ansvaret med å føra lastskipet TINDEFJELL frå Uskedalen til Odda. For dette og meir til vart han tildelt St. Olavsmedalje med ekegren.
Kim Bech-Andersen er barnebarn til løytnant Sven Bugge, og kom like frå Kina for å vera med på krigshistorisk samling helga 9.-10. april. Saman med 11 andre i Bugge-familien var han med på tur i fotspora til løyntnant Sven Bugge. Det var lagt inn stopp med informasjon i Herøysundet, på Sandakaien, Stemneplassen , Rød og på Dimmelsvik kai. Turen gjekk vidare til Kvam med stopp i Tokagjeldet og Fossen Bratte. Dagen etter var familien Bugge på Lerøyosen.
Foto : Lars Børge Sæberg.