Krigshistorisk gruppe

Årsmelding 2013.
Krigshistorisk gruppe er ei undergruppe i sogelaget.
Gruppa vart skipa i 2012, og er ei laust samansett samling av enkeltpersonar, som har interesse for hendingane knytte til andre verdskrigen, med særskilt fokus på Kvinnherad.
Gruppa har ikkje nokon fast struktur. Måler å samla kunnskap om krigen i Kvinnherad og gjera kunnskapen tilgjengeleg for fleire.
Vi har ikkje hatt møte i år, men ein aktiv kontakt via nett og telefon. Arbeidet har vore mykje knytt til å finna fram bakgrunnen for Hardangerfjord sjøforsvarsavsnitt, og til å identifisera dei skipa som var involvert. Det viser seg at talt på skip var større enn det som har vore kjent frå tidlegare publikasjonar.
Vi har halde fire føredrag gjennom året, for Senioruniversitetet, Drøselaget, spaserklubben i Rosendal og for Reserveoffisersforeningen. Føredraget for spaserklubben var saman med Åsmund Tårn Sande, og vart halde utandørs i Uskedalen, Herøysund og på Sunde.
I september var Trond Ramsøy og Lars Børge Sæberg på kurs i Bergen i regi av Hordaland sogelag om utgjeving av lokalhistorisk litteratur.
Vi søkte Sparebankstiftinga om pengar til leitehjelp i arkiva og til innkjøp av foto, men fekk avslag.

Dimmelsvik 16.03.2014
for gruppa,
Lars Børge Sæberg.