Ei gruppe i Kvinnherad Sogelag hentar fram ny kunnskap om krigshendingane i Kvinnherad i aprildagane 1940. Med i gruppa er mellom anna Lars Børge Sæberg, Trond Ramsøy og Rolf Ask. På eit møte på Valen i februar i år vart det lagt fram rapportar og utdrag frå dagbøker som dokumenterer hendingane på ein ny og utvida måte.
Alt i 1940 vart det i Tyskland gitt ut ei bok om åtaket på Noreg 9. april der vi finn skildring frå operasjonen som nedkjempa motstanden ytterst i Hardangerfjorden 18. – 20. april. Nytt er Kaptein løytnant Borchard sin rapport på schellbåten Schiff 221. Innhaldet er interessant og fornyar nokon av den kunnskapen vi kjenner frå før.
Det vert og arbeidd med å finna nøyaktig informasjon om mobile norske styrkar. Her kjem lastebilane inn med påmonterte kanoner. Med på møte var Einar Gjertsen frå Uskedalen. Han har stor kunnskap om kva som fanst av bilar i Kvinnherad før, også frå krigsåra. Gjertsen har god oversikt, men han spør etter utfyllande informasjon på nokre område.
Motstandsarbeid med hendinga på Sunde der to tyske soldatar vart skoten, er eit anna tema. Unike bilete frå Terboven og hans fylgje på Sundekaien er i sal og omløp mellom samlarar. Utstillinga og seminaret frå fredsjubileet i Uskedalen 1995 er foto- og vidaredokumentert, eit godt utgangspunkt i arbeidet vidare med ein temautstilling.
Kjelde : Uskedalen.no – tekst Kristian Bringedal.