Kolamilene på Landa, og bruken av området sett i historisk samanheng.

Frå Myklebust mot Landa med Grålio og Tverrlio

Frå Myklebust mot Landa med Grålio og Tverrlio[/caption]

Artikkelforfattar og alle foto: Egil Hovda.

I perioden 1940/1945 var det etter måten stor aktivitet i Landa-området. Det var tre ulike produkt det var tale om, brenneved (”byskier”), knott og trekol. I denne samanheng vert fokus retta mot trekolproduksjonen, men den blir sett inn i ei historisk samanhang.
Skal vi makta å få desse opplysningane frå fyrstehandsvitne er dette i ”grevens tid”. Det hastar og å få historiar frå andre som har fått dei frå foreldre og besteforeldre. Det er lett for at den nære historia vert sletta fysisk og i hovudet til den enkelte.
Er det nokon som har bilete elle anna dokumentasjon frå trekolproduksjonen så ver gilde og ta kontakt.
Det som kjem fram av opplysningar om historia og andre aktivitetar i Landa-området har eg frå tidlegare litteratur. (sjå liste).

Historia til Landaområdet:
I høgmiddelalderen var truleg Landa-garden ein kongseigedom med militær forlegning. Staden var nok vald på grunn av si strategiske plassering. Riksantikvar Ausgaut Steinnes har i si forsking kome fram til at gardsnamnet Landa har ei spesiell tyding, Han har sett på arkeologiske funn frå dei tre Landa-gardane i Sunnhordland (Stord, Halsnøy og Omvikdalen). Ved dei to fyrste er det klare indikasjonar på at det har vore kongelege militære anlegg. På Landa i Omvikdalen er det ikkje gjort slike funn ( det kjem moglegvis av at fleire skreder har dekka garden), men alt talar for at garden på Landa må sjåast i samanhang med kongsgarden på Skåla.
Garden Landa er nemnd i tidlege historiske kjelder. Ei sikker opplysning om kven som har vore eigar er at Ingegerd Finnsdotter på Mel, som var gift med riddar Jon Bjarnarson, var eigar i 1324.
Bonde- og adelsgods hadde i tidlegare tider kongelege privilegium som gav fritak for skatt og avgifter. Av den grunn er garden i lange periodar ikkje med i kvegskattelister, feteljing, osv. Namnet på brukaren vart av slike grunnar ikkje registret i offentlege protokollar. Berre i kortare periodar frå ca. 1600 finn ein slike opplysningar.
Frå fyrst på 1600 talet kom garden i presteeige og seinare tidleg på 1700 talet kom garden i Dahlsetta si eige gjennom giftarmål. Ingen av desse eigarane var busette på garden. Fråveret til eigarane og avgrensa rettar til leigar/bygslar førte til at andre kunne ta seg til rette i skogen. Resultatet vart at området vart snauhogge. Eigar Matias Dahl la i 1750 ned forbod mot all hogst og beiting i utmarksområdet på garden i 10 år. Det kan sjå ut som at dette pålegget varde til 1783. Eit slikt påbod må ha hatt store konsekvensar for bonden på bruket, når han då måtte nytta innmarka som beiteområde mellom stølsesongen og vinteren.
I 1753 vart garden Landa delt i to, bnr. 1 og bnr 2. Det kan sjå ut som bnr.1 vart seld til J.J. Rabben i 1753. Når det gjeld bnr.2, var dette i Dahl si eige til 1764, då Lars Olsen fekk skøyte på bruket. Det er noko usikkert, men det kan sjå ut som noko areal frå bnr.1 seinare vart delt i tre plassar og alle fekk namnet Heio. Etter nokre år vart to av desse plassane fråflytta og jorda lagt inn under den attverande plassen, som fekk namnet Landaheio bnr.3. Når det gjeld oppdeling av bruk/parsellar til ”myrmenn” frå bnr.1, sjå eige avsnitt.
Sidan garden Landa hadde vore ein gard med ulike privilegium, manglar ein opplysningar om fehald og andre jordbruksvarer, men i 1665 var Landa ført opp med 1 hest, 14 beist, 10 smålevande og 10 tønner havrekorn.

Naturgjevne ressursar og utnytting av desse:
Områda nede ved elva og oppover Grålio og Tverrfjell, Aterstad, Aursdalen, Myklebustdalen er kledd med fin bjørk- og olderskog som har gode vekstvilkår. Denne skogen har i alle år vore ein viktig ressurs for bøndene i området. Her har dei henta ut det dei trong av brenneved til eige forbruk og sal.
Gjennom dette området renn Grålielvo som har sitt utspring i Elvakyto der Aursdalelva og Aterstadelva møtest. Desse to elevane har tidvis stor vassføring og gjev hovudmengda av vatnet til Storelva ned Omvikdalen. I tillegg gjev og Mattiselva frå Myklebustdalen sitt bidrag til Storelva.

Grålio

Grålio

Utviklingsfase 1, Skogen som vedressurs:

Skogsområde ved kolamilene

Korleis skogsdrifta var i dette området i tidlegare tider kan vi berre tenkja oss, men dei viktigaste reiskapane var nok øks og sag. I tillegg var hesten og løypestrengen til god hjelp. Løypestreng var noko som kom til hjelp i dei seinare tider, men den var utsett for brot. Då var det å dra den på plass att og så få smeden til å skøyta den. Eg har sjølv vore på fleire plassar i området og utført slik reperasjon. Utstyret var då blåselampe skjærfil, fil, boraks, plattlodd og eit utstyr for å halda endane saman ved loddinga.
Grunneigarane i området produserte ei mengde fyringsved for sal både lokalt og i regionen. Etter opplysningar som er gitt lokalt, kunne produksjonen koma opp i 200 mål i året. For å letta arbeidet i Tverrlio, arbeidde Kåre Bjørnebøle etter krigen opp veg gjennom heile området.

Utviklingsfase 2. Elva som driftkraft til kvernhusa:

Kvernhus på Landa

Vi kan ikkje stadfesta kor tidleg bøndene i dette område starta med bygging av kvernhus, men det vil vera rimeleg å tru at det var på same tida som i dei fleste bygdene i området.

I dag står det to kvernhus ved elveløpet i nedre del av Grålielvo. Det eine er i god stand, det andre treng vidare restaurering. Desse og tidlegare kvernhus har truleg vore for produksjon av mjøl til eige bruk.
På folkemunne går det ei historie om at det var sag i området, men dette kan ein ikkje stadfesta ut frå historiske skriv, eller funn på staden.

Utviklingsfase 3. Produksjon av trekol og knott:
Trekol som energikjelde og viktig råstoff har vore kjent i lange tider, men etter som utviklinga i oljeproduksjonen skreid fram og stålproduksjonen vart industrialisert, vart dette stoffet mindre aktuelt. Under sist krig (1940-1945) var tilgangen på olje og bensin redusert. Dette førte til at gamle metodar vart henta fram. I den samanhang vart trekol og knott gode alternativ

Kolamile med hette

Kolamile med hette

Kolamile med vedkorg og buskas

Kolamile med vedkorg og buskas

Dei som har vore oppe på Landa har registrert at det ligg to betongsiloar grave ned i bakken. Siloane er i dag intakte og ein av dei har også hetta på seg, den andre hetta ligg på Kvednaneset på O .J .Albrethson sin eigedom. Frå han har eg fått lovnad om at dersom siloane skal restaurerast, kan den hetta flyttast til Landa. Kranen som vart nytta til å løfta av hetta, og ved opp og ned i mila, har Alf Ragnar Nygård teke vare på. Dette var eit industrielt anlegg for produksjon av trekol. Det meste av produksjonen vart sendt til Bergen der det i hovudsak vart nytta til industrielt føremål.
Bjørk vart for ein stor del nytta til kolproduksjon og lys-or vart nytta til produksjon av knott. Kolproduksjonen vart gjennomført i milene på Landa, medan knottproduksjonen vart gjennomført hos ”Gamle-smeden” Johannes Hannisdal. Strongane med lys-or og trekolet vart transportert frå Landa til sjøen med lastebil og firhjulsvogn med hestekraft. Det er den same vogna som er på biletet då Søren Albrethson køyrde til Rosendal med radioane som tyskarane hadde konfiskert under krigen. Vogna hadde understell frå karosseriet av ein bil som kom frå Guddal. Kasper Hjelmeland kan fortelja at han og sidemann John Lund (Lunds-Jonen) hadde mange turar med lys-or til smeden. Det var og andre lastebilsjåførar i dalen som deltok. Knottproduksjon føregjekk også på ei rekkje andre gardar i dalen, og vart skipa ut med båt til Bergen. Frå gutedagane kan eg koma i hug at det stod restar ut i sjøen etter bryggja, midt mellom smeden og kaien til samvirkelaget. Det var noko langgrunt så det var etter måten ein lang pir ut til båtane, som skulle ta lasta med seg til byen.

Området ved gamlesmia til J. Hannisdal

Området ved gamlesmia
til J. Hannisdal

Det er noko uklart kven alle eigarane av den verksemda var, men det ser ut til at Søren og Ole Albrethson hadde det driftsmessige og økonomiske ansvaret for prosjektet.
Fagpersonar for kolbrenninga var Godtfred Myklebust og Lars Eik (”Sponhaug-Larsen”). Dette var ein sers vanskeleg prosess. Det låg lang erfaring bak rett blanding av varme/trekk og tid.
Det er vel ikkje alle som veit kva knott er for noko, men det er små vedkubbar, ca.10 cm lange. Desse vart saman med karbid nytta som drivstoff til bilar. Forbrenninga og energiproduksjonen gjekk føre seg i ein tank (generator) som var festa til bilen. Gassen som vart produsert vart drivstoff til motoren.
Transporten frå hogstfelta i Grålio var nok med hjelp av løypestreng og hest. Frå den nordre delen ned til kolamilene, frå den søndre delen ned til området ved Stokkava, der veden vart kutta i ”byski-lengder” og fløytt ned til milene. Det er problematisk å seia med sikkerheit om kvar denne renna gjekk, men to alternative trasear er vist på kartvedlegget. Det var viktig at fallet på renna ikkje var for stort, slik at vatnet rann så snart at veden vart liggjande att. Eg har funne fundamentet til ein av bukkane under renna, der den kryssar elva og går over til Hatlestøo og milene. I tillegg ser det ut som det er bygd opp ei renne frå Stokkava der den indre delen er mur og resten har nok vore av tre. Karen Stuland kan koma i hug at enden av renna ved milene var ganske høg. Mogleg opp mot 3 meter ved milene. Påkastet av veden i renna kan ha vore i området der den nedre kraftstasjonen står i dag eller ved Stokkava.

Stolpehol for vedrenne ved kryssing av Grålielvo

Stolpehol for vedrenne ved kryssing av Grålielvo

Mulig trase for vedrenne ved Stokkava

Mulig trase for vedrenne ved Stokkava

Sjå også kart nr 1 som syner dette.
Det var mange personar og grupper som dreiv ut skog i Grålio. I dag er det problematisk å stadfesta alt som gjekk føre seg der oppe, men så langt har eg funne ut følgjande;
⦁ Tverrlio, Grunneigarane frå bnr. 1, 2 og 3.
⦁ Ostehaugane, Grutlebekken og Såtlio hadde
hadde Kristoffer Bjørnebøle d.e.,Kåre Bjørnebøle, Kristoffer
Bjørnebøle d.y. og andre.
⦁ Den midtre delen av Grålio hadde 5-6 innleigde karar frå Onarheim på
Tysnes. Desse karane hadde lang arbeidsveke med oppstart i feltet
måndag morgon og retur til Onarheim laurdag ettermiddag. Dei fekk
mat og hus hjå Lars Stuland og kona.
⦁ På Stuland over Kollberglia.
⦁ Per-hoggje, Peder Hjelmeland mf.
⦁ HSD-hoggje, HSD leigde inn ungdomar frå Sandvikjo.
⦁ Hermann-hoggje, Hermann Dahl som var dreng hjå Helleland.
Sjå kart.

Utviklingsfase 4, El-produksjon med vasskraft:

Nedre kraftstasjon i Tverrlio

Nedre kraftstasjon i Tverrlio

No går vi fram 60-70 år i tid frå kola-milene, til debatten om produksjon av fornybar og rein energi. Noreg har i mange år vore eit av dei leiande landa i verda når det gjeld utbygging av vasskraft. Denne utbygginga har for det meste vore konsentrert om større anlegg, men det vart sett i gang mange prosjekt for å vurdera dei mindre vassdraga rundt om i landet. På Landa og i Myklebustdalen vart desse vassressursane tekne i bruk.
Resultatet vart to prosjekt i Myklebustdalen og to i Landalia. Konsesjonane legg til grunn at det må vera små naturinngrep og oppdemming. Resultatet som vi ser i dag vil bli bra når restarbeidet vert utført og naturen får gjera sitt.
Produksjonen frå desse fire går inn på det sentrale el-nettet og blir soleis til glede og nytte for oss alle. Alle desse utbyggingane har kome til gjennom lokal interesse.

Utviklingsfase 5, Biovarme-produksjon:

Lager av trevirke for hus og flis

Lager av trevirke for hus og flis

Kraftstasjon med rådhuset i bakgrunnen

Kraftstasjon med rådhuset i bakgrunnen

Ideen om å produsera varme/energi av trevirke/flis til større kundar har vore drøfta gjennom lang tid. Det er mange faktorar som må vurderast ved etablering av slike anlegg. Då dei ulike faktorane var vurdert, og tilskot frå ENOVA og det offentlege var på plass, kunne arbeidet ta til.
Depotet av trevirke og lagerhus for flis står i dag på same området som den nedre kraftstasjonen i Landalia. Sjølve energiverket som skaffar energi til rådhuset, samfunnshuset og skulane i Rosendal, står i dag mellom rådhuset og samfunnshuset.

Samandrag:
Som det går fram av alle desse utviklingsfasane (prosjekta) har Landaområdet vore sentralt når det gjeld energiproduksjon.
Det er viktig at dette blir kjent for unge og vaksne i dalen og kommunen. Dersom dette skal bli ein realitet må det gjennomførast ein del praktiske tiltak, slik at folk flest kan finna fram og ved eige syn følgja denne historiske utviklinga, gjennom ei ”kulturløype”.
Ein kan sikkert finna andre område i kommunen som kan framvisa parallelle historiske etableringar, og det er bra. Min tanke er å visa det som var og er på Landa.
Det som er spesielt i Landa-/Myklebustdalsområdet er at heile utviklingsprosessen har vore styrt av grunneigarane sjølve. Dersom dette området med sin historie skal bli tilgjengeleg for folk flest, må dette og skje etter same modell. Det kunne vera ønskjeleg å få ein kulturhistorisk møteplass i området rundt kolamilene, men dette er ei sak som private og kommunale interesser må samarbeida om.
Innbyggjarane i nærområdet nyttar i dag Landalia, Aterstad, Aursdalen og Myklebutdalen som eit viktig rekreasjonsområde. Den nye vegen til Aterstad gjer det også lettare for alle å ta ein tur til fjells. Aterstadmarsjen som i år blir arrangert for 40. gang av Omvikdalen idrettslag skulle underbyggja dette.

Dette notatet er tenkt som eit utgangspunkt for ein kulturdugnad der alle som veit og kan noko om temaet kjem med sine opplysningar. Sluttresultatet kjem når alle innspel er vurdert og sett saman til eit energihistorisk prosjekt med fokus på kolamilene.
Ønskjer alle frivillige ”prosjektarbeidarar” velkomne til innsats!

Rosendal 20.01.2016
Egil Hovda,
e-hovda@online.no

Informantar så langt er: Karen Stuland Stensletten og Eivind Stensletten,
Anna Ingeborg og Håkon Bjørnebøle, Helge Bakka, Kasper Hjelmeland, Magnar Hjelmeland,
Ole Jakob Albrethson, Marie og Alf Ragnar Nygård.
Litteraturkjelder: Gards- og ættesoge av Arne Stuland og av Anders Havnelid,
Bygdesoge av Erling Vaage, Folgefonna og fjordbygdene av Nils Georg Brekke.

VEDLEGG: Kartutsnitt Grålio og Tverrlio

Grålia nord

Grålia nord

Grålia midtre del

Grålia midtre del

Grålio sør

Grålio sør