,

Klesvask i gamle dagar

Korleis føregjekk klesvasken før i tida,og kvar?

Klesvask på Landa hos Marie

Klesvask på Landa hos Marie

Kvinnherad sogelag og Omvikdalen Bygdekvinnelag har i 2015 hatt eit samarbeidsprosjekt med å registrera gamle vaskeplasser i Omvikdalen.

Vi tok på oss oppdraget med å leita fram dei gamle vaskeplassene. Utgangspunkt for dette prosjektet var kvinnearbeid før i tida. Korleis var det før vi fekk inn- og utgåande vatn, før bad og innedo og vassverk og vaskemaskin gjorde sitt inntog?

Vi visste at det hadde vore felles vaskeplass på Fedt. Fanst det fleire slike vaskeplassar ? Forviteskapen var vakna til live. Vi tok til å grava og spørja folk kva dei hugsa om detta. Resultatet har vorte mykje informasjon og mange gode historiar, både om klesvask og mykje anna.

Når det gjeld vatn, har vi mykje å ta av. Her er Omvikdalen mulighetenes land. Vi har Omvikdalselva, Mattiselva, Kløvselva, Botnelva, og Tveitelva som renn saman med Omvikdalselva i Omvikjo. Nedover alle fjellsider renn det bekkjer som dannar eit nettverk av mindre bekkjer nedover bakkane på veg mot elva. I alle fall gjorde dei det før traktoren kom og det meste vart lagt i røyr.
I tuna var det som regel ein bekk med vassrenna, der det var so pass fall at dette var mogleg. I

Mari S. Tveito ved vassrenna i tunet på Tveito

Mari S. Tveito ved vassrenna i tunet på Tveito

Kvinnheradssoga er det bilete av Mari Tveito som står ved vassrenna i gamletunet på Tveito. Eit typisk bilete frå eit gammalt tun med vaskeplass.

Der dei ikkje hadde vassrenna, laga dei seg gjerne kjelder i bekkjen, ofte to, den øvste for reint vatn til hushaldet. Drikkevatn vart bore inn i ei bytta og sett på kjøkendisken med ei ausa i til felles benyttelse.
Den nedsta kjeldo var til florsvatn, klesvask, kjøling av mjølk m.m. Vassele og to bytter, frå gammalt av laga av tre, vart nytta når ein bar inn vatn til flor og hus. Det vart nok ikkje mykje att i bytta spår eg når austavinden sto på som verst.

Andre vasskjelder var oppkommer og brunnar. Elvane var og drivkraft for kvernhus, stampa, sager og slipesteinar.

Vi får ta ein runde rundt dalen, og startar med den gamle felles vaskeplassen på Fedt. Den vart nytta av husstandane frå Åsaskogen til Osaholmen, Fedt og Lund.

Samson ved den gamle vaskeplassen på Fedt-sida

Samson ved den gamle vaskeplassen på Fedt-sida

Plassen låg ovom gamlebrua på Fedt-sida. Den brua låg omlag 100 meter lenger oppe enn brua vi brukar i dag. Der var det gruva og skyljeplass. Hit kom folk med klesvasken sin i ei handkjerra, med stampar og kar, og klær som hadde lege i blot sidan dagen før. Dei hadde ikkje so mange byter då, og klærne var ofte tunge å vaska. Kvitvasken vart koka i ein stor kopparkjele. Så var det å kneka dei reine på vaskebrettet. Før ein fekk vaskebrett vart klærne banka reine med banketre. Så skulle dei skyljast i elva minst tre gonger, leggjast til avrenning, vriast og leggjast i stampane att. Og so var det å ta fatt på heimvegen igjen og få dei på snora. Den gamle vaskeplassen på Fedt vart brukt fram til nyebrua kom omlag 1938.

Vaskeplassen ved brua på Lunds-sida

Vaskeplassen ved brua på Lunds-sida

Det vart då tilrettelagt vaskeplass på Lunds-sida, med kjerreveg ned til elvakanten. Der vart plassen laga til med støypt betongmur i bak-kant, ei romsleg betongplate, og det var mura to trinn ned til elva. Her var ikkje gruva, denne plassen vart nytta til skyljing av klesvasken.
Den eldste vaskeplassen vart borte i samband med elvaførebygging, berre det gamle brukaret som står att, viser kvar den ein gong var.
Den nye vaskeplassen ligg der som før, men er tilgrodd med busk og kratt, og der er lite framkommeleg no.

På veg gjennom busk og kratt til vaskeplassen

På veg gjennom busk og kratt til vaskeplassen

Det fekk vi røyna då vi ville klyva ned der i sommar. Denne plassen var i bruk heilt til vassverket kom i 1968.
Vi oppdaga snart at dei fleste gamle vaskeplassane er vekke, det har vore flaumar, ras, elvaførebygging, og ikkje minst så er bekkjer lagde i røyr. Nødvendig framgang, men mykje idyll er borte.

Lars Børge og Anna Ingeborg der vaskeplassen på Teigen var

Lars Børge og Anna Ingeborg der vaskeplassen på Teigen var

På Teigen var det bekk med vaskeplass, den vart og brukt av Lundsmyro i turre periodar. Her i Teigabekkjen var dei tragisk ulukka i januar 1943. Ei kvinne frå Bergen budde på Teigen under krigen, saman med den vesle dotter si. Faren var krigsseglar, og hadde enno ikkje sett dottera, og mora var svært redd for henne. Likevel gjekk det gale denne vinterdagen.
Bekkjen var djup, og hadde svært stor vassføring. Mora hadde dottera med seg på vaskeplassen og vaska kler, og så var ulukka ute. Småjenta drukna i bekkjen, to månader før tre-årsdagen. Den vesle jenta vart gravlagd her i Kvinnherad.

Sæberg hadde vaskeplass i bekkjen som kom ned Omvikjo, det samme hadde Vetlomvik og dei andre bruka i Omvikjo.

Vaskeplassen i tunet hos Lars Johan Omvik

Vaskeplassen i tunet hos Lars Johan Omvik

Felles vaskeplass var ved elva nedom Lars Johan Omvik, den vart og brukt av Ognhaugen. I tunet til Lars Johan finn vi enno vaskedammen med renna.

Stampo

Stampo

I tunet her står og det gamle stampehuset. Stampa er borte, og huset i dårleg stand no. Hit kom folk frå mange bygder i Kvinnherad, like frå Hatlestrand, for å få stampa vadmål.
Eit gammalt kvernhus står og i tunet her.

Oppover Hjelmeland finn vi og nokre vaskeplasser med fleire brukarar, slik som Kjerringebrotet og Vodlane. Tveito, Kristi Hjelmeland(Kisso) og Nistovo heldt til ved Tveitelvo.
Her har eg sjølv skylt kler når bekkjen heima gjekk turr eller fraus. Eit minne frå den tida er når syster mi og eg skulle skylja kler ein kald vinterdag, og fann ei fastfrosen mannfolkunderbuksa på vaskeplassen. Noko vi hadde stor moro av !
I heile dalen var det vanleg å koka og vaska kleda i kjellar eller eldhus, og så skylja klesvasken ute i rennande vatn, i bekk eller elv.

Hos Kjetlane, Brekke og Bakka syner enno dei gamle vaskeplassane, eller deler av dei. Brekke og Bakka hadde og bekkjer som ikkje fraus. Her kunne naboar henta vatn til fjøs og anna. Det skulle mange vender til med møkakjerra og mjølkespann før det vart nok vatn til dyra og hushaldet.

Martin og Olav Hjelmeland var av dei fyrste som laga seg vaskemaskin. Litt halvfabrikata og resten sjølvkonstruert. Litt harde på knappane var dei visst…
Kleturk var eit kapittel for seg. Kvitlavind, då var det god kleturk.Karen Stensletten fortalde om då den stivfrosne klesvasken, som hang til turk på gjerdet, forsvant i austavinden og dei måtte på leit. Mora måtte hogga sengjakleda laus frå elvaisen.

Marie vaskar kler på gamlemåten

Marie vaskar kler på gamlemåten

Hjå Marie Eik Nygård fekk vi demonstrasjon av gammaldags klesvask. Her var stampar, bytter og klede på plass ved elva. Marie skura og vaska, og golvteppa låg til bløyt i elva. Vaskesteinen hennar er borte, den for nok i ein flaum , men elles er alt slik det var før i tida der.
Aslaug Eik har fortalt om klesvask i elva og om koking av såpa. Skrapafett frå dyr, vatn og kaustisk soda var ingrediesane. Om noko vil prøva, så har vi oppskrifta hennar.
Elles har kvart tun hatt sin plass nedover dalen. Hanna og Gurine Røysland kokte kler i ein kjele ved bekkjen så lengje dei orka.

Ove ved Rednebekkjen heime i tunet

Ove ved Rednebekkjen heime i tunet

Ove Fausk har framleis vassrenna i tunet sitt. Dei hadde ikkje innlagt vatn før vassverket kom, men dei hadde vaskemaskin, og då bar dei vatn inn og ut or maskinen.

Griseslakt i tunet hos Ove Fausk, midt på sekstitalet.

Griseslakt i tunet hos Ove Fausk, midt på sekstitalet.

Hos han fekk vi og eit framifrå bilete frå grisaslakting i tunet midt på 60-talet. Dette var og eit gjeremål knytt til vaskeplassen. Her var det skyljing av tarmar til pølsa, dei skulle vrengjast, vaskast og skrapast.

Kristine Mehl minnest barndommen på Ripel, då mora tok ungane med seg ned til elva om våren når storvasken skulle unnagjerast.
Dei bruka heile dagen når sengjaklede, ulltepper og andre tunge plagg skulle vaskast. Dei hadde nista med, og ungane leika på holmen i elva.
Der låg to holmar i elva då, men flaum og førebygging gjer at dei er borte. Ein storflaum førde ein heil potetåker til havs for bonden i Nigard, og i ein annan flaum vart Leif Ripel sine neper funne att på Nes, i allefall nokre av dei.
Så det er nok sjølvsagt at idyllen frå barneåra har måtta vika plass for skadeførebygging.

I Sandvikjo på garden til Jens Oddvar vart ein bekk kalla Snikkaren. Her var felles vaskeplass for fleire. Anna Martha Sandvik nytta denne lenge, det var ein gammal rett som skulle haldast i hevd. Her var og ein stad dei kalla Bleikjebakken. Der vart kvitekleda lagt ut på bakken til bleiking i sola, slik at dei kunne verta endå kvitare. Det var ofte i vårsola, og då var det ungane sin jobb å halda dei våryre lamma unna, så dei ikkje skulle hoppa på dei reine kleda.
Mellom Olav Sandvik og Hans Ølver Sandvik låg ei myr, herfrå rann det og bekk som vart nytta av fleire. I skogen ovom Hans Ølver var der ein brunn, den forsynte m.a. skulen og ungdomshuset med vatn. Der var og ein laugardam i skogen her.

På Fitjaheio vart elva brukt. Enno synleg vaskeplass der Bjørg og Henrik Falk budde nedom skulebrua.

 Vaskeplassen ved "Fossane"


Vaskeplassen ved «Fossane»

Liv Vasslid minnest når ho var med nabokona Anna Lunde og døtrene hennar på klesvask. Då bar det avgarde med handkjerra med stampar og skitnekle over bakkane og ned brotet til elva. Vaskeplassen deira var på svaberga ved “Fossane” – det er på Fitjaheio omlag nedom huset til Magnar Fausk. Her hadde Anna Lunde gruva og kjele til å koka klesvasken, og god plass til å banka og skylja. Og her er elva uendra, så det er råd å sjå korleis denne vaskeplassen var.
Bråtet og Bjørkevollen hadde sin plasser i elva, likeins hjå Martin Naterstad.

Då er vi komne rundt dalen. De kan tru vi har hatt ei interessant reise. Vi har vassa og klatra på elvasteinar og gjennom busk og kratt. Synd ikkje meir er synleg i dag, men dei aller fleste hugsar kvar deira eigne vaskeplassen har lege.
Alle plasser vi har funne, er no registrert med nøyaktig posisjon ved hjelp av ein app. Johan Feet har lova å føra dei over på eit digitalt kart, slik at dei er å finna for ettertida. All informasjon og alle historiar vi har fått er nedskrivne og teke vare på. Dette er bare eit utdrag.
Vi har bare møtt positive folk, og blitt enno betre kjent i bygda. Men det er framleis mangt og mykje som fortener å bli registrert og vidarefortalt.
T.d. gamle stadnamn, kvernhus, gamle bilete frå kvardaglivet , korleis tuna såg ut før, og mykje anna. Vi lar utfordringa gå vidare.

Januar 2016, Anna Ingeborg Bjørnebøle og Kari Fedt Haugsbakk.