Grenda tysdag 18. september 2012

Grenda tysdag 18. september 2012

På Kvinnherad sogelag sitt årsmøte i Åkra i 2006 vart det vedteke å setja ned ei undergruppe på fem personar som skulle arbeida for meir informasjon om Melskapellet i Rosendal.
Kommunen vart invitert og verksemdsleiar for kultur og fritid, Kristian Bringedal, vart med i arbeidsgruppa.

Gruppa hadde fylgjande mandat:

1. Finna opplysningar om kyrkja, m.a. i samarbeid med DIS –Kvinnherad.
2. Merka av kvar murane er, då det meste ligg under jorda. Kanskje få rette instans til å føreta utgravingar i tufta.
3. Setja opp ein «monter» med opplysning om kyrkja, garden og byggherren.

FAKTA OM MELSKAPELLET:
Kapellet er bygd om lag på same tid som Ænes kyrkja. Det var Gaut Jonson på Mel (1190-1270) som bygde kyrkja/kapellet. Det skal ha fungert som huskapell.
Gaut var son av Jon Gauteson på Ænes og utfrå dette vil det vera nærliggjande å tru at Melskapellet vart bygd i same stil som Ænes kyrkja.

FRAMDRIFT:
Første møte starta på «KAPELO» (Det er namnet bygdefolket har på staden.) Kaare Skaala, i gruppa, hadde laga ein skisse der det vart teikna inn kor han meinte kapellet hadde stade. Vi kunne då lett tenkja oss kva som kunne skjula seg under jord og stein.
På det etterfylgjande møtet vart Halvor Medhus vald til leiar av prosjektet. Johanna Kalstad og Anny Nygaard Mehl vart referentar og Hans Ordin fekk i oppdrag å koma med logo. Kaare Skaala skulle vera talsmann til fylkesmyndighetene.
Gruppa såg føre seg utgraving, slik at deler av mur og golv kom fram i dagen. For nokre generasjonar sidan låg trappehella oppe i dagen. På folkemunne er det hevda at dei beste klebersteinane frå kyrkja , som var til nedfalls, vart brukte då Rosendal Baroni vart bygd.
Frå generasjon til generasjon har historien om at utedøra på husmannsplassen Grønestøl stamma frå kapellet på Mel. Det er råd å få stadfesta kor gamal denne døra er , men det kostar fleire tusen. Noko nemnda ikkje hadde økonomi til .
Vi kan trykt sei at det var ei omfattande sak vi hadde starta. Kommunen og Fylkeskommuen var positive og stilte ekspertise til rådvelde. Men Fylkeskonservatoren hadde det avgjerande ordet og berre i særlege tilfelle rår ein til arkeologisk utgravingar. Utgravingar kunne vi berre gløyma.

VI HADDE DISKUSJONAR, MEN VART SAMDE OM :

  1. Skilttype
  2.  Tekst
  3. Arealutforming
  4. Vedlikehald

Før vi kunne innby til markering av minneplata, hadde nemnda hatt ti møter og det var gått seks år.
Den 15. august 2012 ringde atter klokka og kalla til salmesong, andakt , bøn og musikk i ruinane av den gamle høgende kyrkja på Mel.
Mange hadde funne vegen til Kapelhaugen denne ettermiddagen. Det var ei fin markering som vart avslutta med kyrkjekaffi.