Kampane i Kvinnherad 1940

Lars Børge Sæberg er leiar i Krigshistorisk gruppe, ei undergruppe av Kvinnherad sogelag.

Han skal halda føredrag i Kvinnherad Senioruniversitet torsdag 24. okt. kl 11.00 på Husnestunet

Kampane i Kvinnherad 1940

I aprildagene i 1940 hadde Kvinnherad ein meir sentral plass enn mange er klar over. Sjølv i bøker som tek for seg den norske marinen si rolle i kampane er Ytre Hardangerfjord Sjøforsvarsavsnitt lite omskrive. Likevel er det eit faktum at noko av den mest energiske og samanhengande innsatsen marinen ytte fann stad i vårt nærområde, og frivillige frå våre bygder tok del i dette.

Lars Børge Sæberg frå Omvikdalen vaks opp etter krigen, og høyrde historiene frå dei som sjølve hadde opplevt krigsåra, og ikkje minst kampane lokalt. Men forteljingane var svært ulike, noko som førde til at Lars Børge seinare kontakta mange av deltakarane, og skreiv ned deira historier, slik kvar og ein hadde opplevt aprildagane. Samanlagt, og saman med den overordna historia, gjev dette eit godt bilete av dagar der kvinnheradbygdene lett kunne fått ein ublid lagnad.

Lars Børge Sæberg er ein glimrande forteljar og vil dela kunnskapen sin med oss denne dagen.

 

Kvinnherad Senioruniversitet                                                                                                                                       Grethe Brundtland