Ingemar Traavik

Ordførar i Kvinnherad i ein mannsalder

I 1914 vart Ingemar Traavik vald inn i Kvinnherad heradsstyre, og i 1917 vart han vald til ordførar. Han var «eit arbeidsjarn, med evne til å få sakene unna», skriv Erling Vaage i Kvinnherad 1 (1987). Ordførarvervet hadde han heilt til sin død i 1949, med unnatak av nokre år under andre verdskrig, då nazistane tok vervet frå han.

Ingemar Ingemarson Traavik, fødd Ljostveit, kom til verda 12. august 1878. Han var son av Ingemar Ingemarson Ljostveit og Anna Ingemarsdotter Tveitane. Då familien, som omfatta foreldra og etter kvart seks born, flytta til garden Trovik i 1863, tok dei gardsnamnet Trovik til slektsnamn. Seinare, på byrjinga av 1900-talet, vart dette endra til Traavik.

Ingemar Traavik var ein arbeidssam og evnerik gut. Barneskulen gjekk han i Ølve, og deretter gjekk han på Rosendal Privatskole. I åra frå 1896 til 1898 tok han lærarutdanning ved Stord Seminarium. Etter at han var uteksaminert som lærar, byrja han å undervise på Husnes.

Han var godt omtykt for lærargjerninga si, og for ungdomsarbeidet han engasjerte seg så sterkt i. Erling Vaage skriv i Kvinnherad 1. Bygdesoga (1987): «Lærar Ingemar Traavik var eit (…) døme på korleis ein ung, driftig lærar kunne stimulere ungdomsarbeidet.» Han vart snart vald til leiar i Husnes Ungdomslag, og her vart han drivkrafta i arbeidet med å reise eit ungdomshus. Tomta vart kjøpt i 1904 for 70 kroner, og byggje-kostnadene kom på 3000 kroner! Den 15. november 1908 stod ungdomshuset «Friheim» ferdig. Interessa blant bygdefolket var så stor at mellom tre og fire hundre personar møtte fram til vigslinga.

Lærarar som vart utdanna frå 1890 og nokre tiår framover, vart sett på som idealistar. Dei vart ofte valde til leiarar av til dømes ungdomslag, slik Ingemar Traavik vart det på Husnes. Det var med stort vemod Husnes Ungdomslag 28. april 1912 heldt avskilsfest for Ingemar, som skulle forlate bygda for å bli lærar i heimbygda Ølve. Der underviste han i heile 34 år, fram til han gjekk av i 1946. Han hadde som nemnt godt ord på seg som lærar, og det vart halde ein stor fest for å takke han av i februar 1947, der det var mange folk og fine takketalar. Det skal også nemnast at i Ragnvald Vaage si bok Gutane på Tednaholmen, er Ingemar Traavik brukt som modell for læraren.

Også i Ølve engasjerte Ingemar seg i ungdomslagsarbeidet, og han var formann i Ølve Ungdomslag frå 1912 til 1915.

I 1905 gifta Ingemar Traavik seg med Marie Thorsen frå Sunde. Ingemar og Marie var frilynde venstrefolk, og stødde arbeidet for at kvinner skulle få allmenn røysterett. Som kjent fekk norske kvinner røysterett i 1913.

I 1910 overtok Ingemar Traavik garden Tråvik, og bygde på det gamle bustadhuset. Etter kvart vart det bygt nytt, arkitektteikna bustadhus og ny driftsbygning. Det nye bustadhuset stod ferdig i 1920. Her budde Ingemar og Marie, saman med borna Anna, Audun, Hagtor, Helga og Ingemar. I tillegg dreiv Marie frå 1928 til 1940 «Marie Traaviks pensjonat», der sommargjester frå til dømes Bergen kom tilbake år etter år.

Ei av Ingemar Traavik sine store interesser var litteratur. Som fomann i Ølve Ungdomslag heldt han fleire foredrag om norske og utanlandske forfattarar, til dømes fortalde han om Henrik Ibsens Peer Gynt på ein serie møte i Ungdomslaget.

Han var elles med i mangt og mykje. Til dømes var han medlem av tilsynsutvalet for Valen Sjukehus, og han var formann for både Fylkestinget og Fylkesskulestyret i Hordaland. Dessutan sat han i styret for Stend Landbruksskule og han var med på å starte Vestlandske Salslag. Ingemar Traavik var blant dei førande i bondeflokken, og i Vestlandske Salslag sitt 50-årshefte vart han omtalt slik: «I Ingemar Traavik har bøndene på Vestlandet hatt ein av sine beste talsmenn og han har fram gjennom åra lagt mykje arbeid på dei økonomiske bondetiltaka på Vestlandet. Ingemar Traavik er ein av dei det alltid er ein hugnad å møta, klok og klår i tankane og ein fagnamann i all si ferd.»

Ingemar Traavik sovna brått, men stille inn den 6. august 1949 og han vart gravlagd i Ølve kyrkje, 71 år etter at han vart fødd. Det var eit stort følgje som var med då han med hest og langkjerre vart ført til si siste kvile.

Tekst : Hilde Traavik