Husmannsseminar og Historielagskonferanse

I regi av Landslaget for lokalhistorie vert det arrangert seminar om
Husmannsvesenet fredag 4. november 2016
.
Seminaret vil ta for seg fleire sider ved husmannsvesenet og vert arrangert i forkant av Landslaget sin historielagskonferanse 4.- 6. november.
Sjå sida til Landslaget for lokalhistorie
Deltakaravgift er kr 550.
Påmeldingsfrist for husmannsseminaret er 25. oktober til sekretariat@landslaget.org, eller per post til Landslaget for lokalhistorie, Institutt for historiske studier – NTNU, 7491 Trondheim.
Følg med på sida til Landslaget for lokalhistorie for oppdateringar eller endringer.

Historielagskonferansen 4.-6. november 2016
Landslaget for lokalhistorie arrangerer historielagskonferanse på Scandic Bergen city, helga 4.-6. november 2016. Programmet har tema som er aktuelle for historielaga. Historielagskonferansen er open for alle interesserte, både medlemslag, andre lag og privatpersonar.

Merk, bindande påmeldingsfrist for historielagskonferansen er 18. oktober 2016. Påmeldingsskjema må returnerast til sekretariat@landslaget.org, eller per post til Landslaget for lokalhistorie, Sekretariatet, institutt for historiske studier – NTNU, 7491 Trondheim.

Sjå sida til Landslaget for loalhistorie for program og påmeldingsskjema.