Hordaland sogelag på tur til Ytre Hebridane

Hordaland sogelag i vesterveg til Ytre Hebridene

Hordaland sogelag i vesterveg til Ytre Hebridene

Tekst: Mikal Heldal
Foto: Kari Fedt Haugsbakk

Hordaland sogelag sin studietur gjekk dette året til Ytre Hebridane – langt vest mot havet der neste landfaste stopp gjerne kan vera Canada. 40 hordalendingar fekk ein tur rik på inntrykk frå gamalt norsk skattland. Ikkje mindre enn 13 soge/historielag tok del i ein triveleg tur – der det vart knytt kontaktar mellom folk i sogerørsla. Det er folk med ei stor og vidfemnande kunnskapsmengd som tek del i desse turane – og då er det mangt å læra og mange som lærer!

Norrøn busetnad
Det finst ei rekkje spor etter gamal norrøn busetnad på desse øyane – kanskje namnetradisjonar er mest levande. Mindre av bygningar der det er lite spor å finna – eit par runesteinar og rektangulære hustufter peikar i retning av våre norske forfedrar. Og så noko genetisk materiale som lever sitt liv, men som brukar gælisk/engelsk språk i våre dagar.

Øyhopping
Fly til Aberdeen og vidare med buss via Perth til Oban, og ferje til Castlebay på Barra. Ny ferje frå Barra til Eriskay og med buss over South Uist og Benbecula. Ferje til North Uist med stopp i Leverburg på Harris, og så vidare med buss til Stornoway på Lewis. Sju øyar på rekkje og rad utgjer Ytre Hebridane.
Og for å gjera oss ferdige med heile rundreisa – ferje frå Stornoway til Ullapool – og buss vidare til Dingwall med overnatting der, og så tilbake i Aberdeen.

Whisky
Kanskje er det slik at Barra/Eriskay er best kjent for historia kring Whisky Galore – boka av Compton Mackenzie om då SS Politician stranda 5. februar 1941 på austsida av Eriskay med 21 000 kassar whisky i lasta. Det vart ein kamp mellom trong for whisky i ein grå kvardag – og det som høyrde makt og myndigheiter til. Det var film av dette muntre dramaet i 1948 – og den er sjåverdig den dag i dag – for folk med sans for historisk komikk. På Vatersay er det reist eit minnesmerke over tragedien der nær 400 emigrantar døydde i forlis med emigrantskuta Annie Jane i 1853.

Blomeenger

Og så var det machair – desse rike blomeengene som finst på delar av øyane – gode jordbruksområde med ein rik artssamansetjing av urter og gras. Machair er næringsrik jord på sanddyner og der sanden møter torvmyra er kanskje dei rikaste jordbruksområda. Machair vert ikkje gjødsla – anna enn den gjødsla dyra legg etter seg.
Det var ikkje eit omfattande dyreliv me såg på turen, men kaninar og piggsvin kom dårleg ut i trafikken. Piggsvina har vore eit stridstema i fleire år – dei vart innførte til øyane for om lag 40 år sidan for å halda styr på sniglar og slikt. No er piggsvina utsette for ein utrydjingskampanje. Dei har forsynt seg for grovt av fugleegg kring på machair-områda.

Harristweed
Overalt på øyane er der sauer å sjå – og ulla vert til Harristweed. Det er berre vevnad frå
desse øyane som har rett til Harris Tweed namnet, og både farge og kvalitet er slik at sjølv hardbalne anti-shopparar stogga opp i Harris Tweed butikken i Tarbert – på Harris.

Tormyrar og svarthus

Torv vert framleis nytta som brensel mange stader på øyane.

Torv vert framleis nytta som brensel mange stader på øyane.

Torvmyrane fortel om kva som er viktigaste brensel på dei mest trelause øyane ut mot Atlanteren Dette året var det dårleg tørk av torva og fleire tyktest å ha gjeve opp torva dette året. Men alle på øyane har rette til å skjæra torv til eige bruk – dei treng berre å få tilvist plass. Mange brukar enno torv til brensel – og så kan torva nyttast til å røykja laks med! Frå gamalt av rekna dei med at «torvonna» tok om lag 14 dagar i året. Turen gav elles litt innsyn i gamal bu og byggjeskikk – blackhouses – der me vitja Gearrannan Blackhouse Village – eit typisk lite jordbrukssamfunn vest mot havet.

Minnesmerke

Ein 4-5000 år gammal kultstad .

Callandish atanding stones er ein 4-5000 år gammal kultstad .

Samla folketal på øyane er om lag 27000, og med eit samla areal på om lag 3000 kilometer² har dei relativt god plass.
Den største av øyane, Lewis, har om lag 18500 innbyggjarar og om lag 9000 av desse bur i Stornoway.
Stornoway er altså det største bysamfunnet på øyane med flyplass og stor ferje/
fiskehamn der også norske båtar var å sjå.

Rullebanen er ei sandstrand - trafikken går etter tidevannstabellen

Rullebanen er ei sandstrand – trafikken går etter tidevannstabellen

Barra har også flyplass, men der går trafikken etter tidevatnet sidan rullebanen er ei sandstrand!
Og lenger ute på stranda var det muslingplukkarane som styrte ståket – med eigen lisens for dei som selde fangsten.
På turen fekk me nokre minningar om korleis føydalherrar kunne driva folk frå hus og heim, berre for å sikra seg eit område der dei kunne jakta. Fleire stader har det vorte reist minnesmerke over desse
sterke motsetningane og dei mange tragediar som fylgde.
Det er eit sterkt religiøst samfunn som bur på desse øyane. Sundagsfreden var nær total og fram mot kl.11.00 på sundagen var det mange bilar å sjå ved kyrkjene. Elles var det meste stengt og inntil for få år sidan vart også ferjer og annan offentleg kommunikasjon innstilt på sundagar. Men me kom oss til Ullapool og Dingwall sundag 9. august. Og vel tilbaketil Bergen dagen etter.