Historiske reise i Sunnhordland med veteranbåten D/S Stord I

Kvinnherad sogelag har fått invitasjon til å vera med på tur med D/S Stord I :

Stiftelsen D/S Stord I eig «Stord I» og formålet til stiftelsen er istandsetjing, vedlikehald og drift av skipet. Bergen er heimehamnen. Seglingsområde er Vestlandet.
D/S Stord vart bygd på Laksevåg i 1913 for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap – HSD. Båten var rutebåt i området Bergen –Sunnhordland og Bergen – Hardanger fram til 1969.
I sesongen 2017 er sett opp 30 seglingsdaga.
Fredag 18. august vil me spesielt invitera medlemmer i sogelag og pensjonistlag med på tur i Sunnhordlandsbassenget.
Med på turen vert også forfattar og foredragshaldar Harald Sætre (om HSD sine rutebåtar), leiar av Kystsogevekene og forfattar Kjell Magnus Økland (om Kystsogevekene og Oselvaren) og trubadurar som underheld med kystviser og sjømannssongar. Men me ønskjer også at medlemmer frå sogelag og pensjonistlag i Sunnhordland fortel soger og stubbar frå damprutebåtane si tid frå sin heimstad.
Førebels ruteplan er slik:
Avgang Leirvik ca. kl. 09.15 (ombordstiging og omvising frå kl. 08.30 – korrespondanse med snøggbåt frå Skånevik og Sunde) Turen går gjennom Fjelbergsund til Ølen/Etne, Skånevik, Sunde og tilbake til Leirvik ca. kl. 16.00. Billettpris heile rundturen kr. 300,00.

Stiftelsen D/S Stord I ynskjer tilbakemelding om det er interesse for ein slik tur. Dersom nokon av medlemane i Kvinnherad sogelag ynskjer å vera med på denne historiske reisa, ber vi dei melda seg på direkte til dagleg leiar i stiftelsen : harald.kvinge@hsh.no , mobil 905 88 708, innan 10.mai 2017.