Historisk seminar

Grunnlovsjubileet
Kvinnherad Senioruniversitet arrangerer Historisk Seminar på Kulturhuset Husnes,
fredag 14.februar kl 11.00 – 15.00.
· Bergen Kystlag v/Liv Bjerknes og Kåre A. Johnsen: Ei historisk reise for Noregs sjølvstende. Reisa til Eidsvoll via Lærdal
· Frank Aarebrot: Grunnlova sett utanfrå og i ettertid.
· Tor Bringedal: Lokalt sjølvstyre. Stemmerett og valdeltaking
Programleiar Grethe Brundtland
Kulturinnslag
Lunsj
Seminaravgift: kr.250 (vert betalt ved påmelding)
Påmelding til Kvinnherad Bibliotek innan 10.februar


Bergen Kystlag:
Ei historisk reise for Noregs sjølvstende.

Eidsvollsmennene si ferd i vengbåt frå Bergen til Lærdal på veg til Eidsvoll i 1814, og Bergen Kystlag si ferd i deira kjølvatn 200 år etter, 25.-28.mars 2014.

Foredraget vil fortelje noko om forholda i Noreg og i Europa i 1814, og planlegginga av grunnlovsforhandlingane på Eidsvoll. Delegatane frå Bergenhus si ferd i «Eidsvollbåten» eigd av Hoffagent Janson på Damsgaard Hovedgaard, vil bli fortalt ut frå dagboka til Fredrik Meltzer.

«Eidsvollbåten» brann opp den 24.februar 1940 på Marineholmen i Bergen. Bergen Kystlag bygde ein replika i 1993 basert på Bernhard Færøyvik sine oppmålingar av originalen. Bergen Kystlag gjorde ei reise med replikaen «Enigheden» frå Bergen til Lærdal våren 1999, som ei generalprøve til jubileumsferda i 2014. Både turen i 1999 og den planlagde turen i mars i år vil bli tatt med i foredraget.

Kåre A. Johnsen har lang fartstid i Bergen Kystlag og som styresmann for «Enigheden», bl.a. under ferda i 1999. Liv Bjerknes er laget sin prosjektleiar for Lærdalsreisa i 2014. Saman utgjer dei to styringsgruppa for prosjektet.

Frank Aarebrot:
Grunnlova sett utanfrå og i ettertid


Tor Bringedal:
«Lokaldemokratiet i Kvinnherad etter formannskapslovene.”

Komiteen for grunnlovsjubileet har i planen for markeringa sagt at eitt av måla er å skapa større forståing for utviklinga av folkestyret etter 1814. Det vert poengtert at jubileet skal kasta lys over framveksten av det lokale sjølvstyret med formannskapslovene frå 1837.  Tanken er også at jubileet skal gje innsikt i det norske demokratiet sitt møte med okkupasjonsmakta sitt samfunnssystem i krigsåra 1940 – 1945.
I boka «Kvinnherad 1837-1945. Lokalt sjølvstyre med formannskapslovene?» som kom ut sist haust, er det nettopp slike tema Tor Bringedal, er oppteken av.
I dette innlegget er det røysterett og valdeltaking i Kvinnherad i perioden 1837- 1945 som er hovudtema, der heradet også vert sett inn i eit regionalt og nasjonalt lys.
Korleis var situasjonen i Kvinnherad? Kor stor del av folket kunne gjera seg nytte av dei nye demokratiske rettane? Og, kanskje endå viktigare, kor stor var interessa for det lokale sjølvstyret?

Tor Bringedal (1949), hovudfag i historie ved UiB 1997. Han har arbeidd som lærar dei fleste yrkesaktive åra, men avslutta yrkeskarrieren i 2011 etter 12 åra som informasjons- og opplæringsansvarleg ved Sør-Norge Aluminium AS.