Korleis føregjekk klesvasken før i tida,og kvar?

Klesvask på Landa hos Marie

Klesvask på Landa hos Marie

Kvinnherad sogelag og Omvikdalen Bygdekvinnelag har i 2015 hatt eit samarbeidsprosjekt med å registrera gamle vaskeplasser i Omvikdalen.

Vi tok på oss oppdraget med å leita fram dei gamle vaskeplassene. Utgangspunkt for dette prosjektet var kvinnearbeid før i tida. Korleis var det før vi fekk inn- og utgåande vatn, før bad og innedo og vassverk og vaskemaskin gjorde sitt inntog? Les meir

Bilete frå kvardsgsliv i Ølve i åra 1910 – 1950. Eigar av bileta er Margaret Haugland i Ølve.

Biletet er teke i døra på Brynjelsbua, eldste butikken på Sunde. På skiltet står det «Olsen – Røssland slaktarforretning». Øyvind Olsen og Gunnar Røssland starta slaktarforretning der og dreiv i mange år. Det var her Sundepølsa først blei laga, med røykjeri nedi stranda til høgre for bua. Karane i døra er Lars Olsen, Haldor Håvik og Eivind Olsen . Haldor var innom då biletet vart teke, mellom 1940 - 1950. Det er Svein Aksel Sunde som eig bua i dag.

Biletet er teke i døra på Brynjelsbua, eldste butikken på Sunde. På skiltet står det «Olsen – Røssland slaktarforretning». Øyvind Olsen og Gunnar Røssland starta slaktarforretning der og dreiv i mange år. Det var her Sundepølsa først blei laga, med røykjeri nedi stranda til høgre for bua. Karane i døra er Lars Olsen, Haldor Håvik og Eivind Olsen . Haldor var innom då biletet vart teke, mellom 1940 – 1950.
Det er Svein Aksel Sunde som eig bua i dag.

Kvinnheringen juli 1995

Kvinnheringen juli 1995

Kvinnheringen 3. juli 1995

Kvinnheringen 3. juli 1995